
Hotel Brosundet i Ålesund får nye eigarar og er selt til Glastad-gruppen.
Hotel Brosundet var eigd av Flakk Gruppen og Knut Flakk. No blir hotellet i Ålesund overteke av Glastad-gruppen.
Endre Glastad, administrande direktør i kjøpargruppa er svært nøgd med kjøpet der prisen er avtala til 400 mill. kroner.
Det gjev Flakk Gruppen ein gevinst på 190 mill. kroner, skriv Sunnmørsposten som omtala saka.
Kjøparen Glastad-gruppen eig frå før 12 hotell i Norge, mellom anna driv dei Hotel Norge i Bergen og Hotel Caledonien i Kristiansund.
Knut Flakk som sel seg ut av Hotel Brosundet eig framleis fleire hotell på Sunnmøre.
-Vi ønskjer å satse vidare på våre Hotel Storfjord og Union Øye, seier han til avisa.