
I helga var det Landsskyttarstemne innandørs på Lillehammer. Sunnylven stilte med mange skyttarar og oppnådde gode resultat. Frå Kirsti har vi fått ei oppsummering av dagane på Lillehammer.
I klassa Nybegynner Ung (NU) hadde Sunnylven med to deltakarar. Denne klassa er ikkje rangert, og i denne klassa skyt både dei med støtte og dei som er begynt med reim. Teodor og Leonard Sundgot skaut for fyrste gang på Landsskytterstevnet i kl NU. Teodor skaut med støtte og fekk 236 poeng. Leonard skaut med reim og fekk 218 poeng.
I Kl. Rekrutt (R) tangerte Saga-Emilie sin personlige rekord på 240 poeng og fekk med det ein 76 plass av 206 deltakarar.

💥Kl. Eldre Rekrutt( ER):
Kai Adam skaut 248 poeng og vart nummer 48 av 265 deltakarar.
💥Kl. Junior (J):
Sina-Helen skaut 247 poeng og kom med det til finalen. Ho skaut der 99 poeng og enda på 346 noko som gav henne ein strålande 9. plass. Siv Anita fekk 246 poeng, som holdt til ein 37. plass av 242.
💥Kl. 1:
Kjell Sveinung skaut 244 poeng som gav ein 68 plass. Kristoffer oppnådde 242 poeng som holdt til ein 99 plass. I denne klassa var det med 194 deltakarar.
💥Kl. V55
Nils Olav skaut 245 poeng og havna på 63 plass. Kjell Oddvar skaut 243 poeng.
💥Kl. EJ-3-5:
Isak Elias vart beste Sunnylving med 242 poeng (10*) som holdt til ein 174 plass. Ørjan fekk 242 poeng (9*) og ein 178 plass. Kristian Andre oppnådde 241 poeng og kom på 233 plass. Ivar fekk 239 poeng og kom på 393 plass. Kurt Erik skaut 237 poeng og kom på 558 plass og Dag Andre skaut 233 og kom på 783 plass. I desse klassene var det med 1081 deltakarar.
Det vart skote stevner på Vinstra, Ringebu, Tangen, Fåberg og Øyer før sjølve Landsskytterstevnet. Også på desse stevna var det mange gode resultat av Sunnylvsskyttarane.
På Ringebu sette Teodor personlig rekord med sterke 239. Då kunne ikke broren Leonard vere noko dårlegare, så han sette også personlig rekord med sterke 230 med reim.

På stevnet på Tangen vart de to ny rekordar.
Saga-Emilie sette ny personlig rekord med sterke 240 poeng som gav henne ein 7. plass. Sina-Helen skaut ny personleg rekord med fullt hus, 250 poeng som gav 1. plass. Siv-Anita skaut også godt med 247 poeng som holdt til ein 4. plass.
Kai Adam sitt beste stevne var på Ringebu. Der skaut han 250-349 som holdt til ein 5. plass. Det var mykje god skyting, og ei kjekk helg for store og små.
