17. februar 2026

God innsats på Ålandsleitet.

Oskar representerar Sunnylven / Stryn VGS.

Sunnylven stilte med heile 9 deltakarar når Hardbagg inviterte til krinsrenn på Ålandsleitet 17. januar. Dette var kun andre rennet i krinscupen denne sesongen då rennet som skulle gått i Førde rett før jul vart avlyst pga snømangel.

Alle foto: Jørgen Helset.

Det var nærare 80 påmelde til rennet laurdag og deltakarane frå Sunnylven hevda seg godt med klassesigerar både til Tuva Marie og Ane. I dag gjekk løparane normal-distanse medan det i morgon skal konkurrerast i sprint. Det blir meldt om fine forhold på skistadion i Hardbagg i dag.

Marte går i klassa J10 Nybegynnerar og yngre.

 

Resultat frå dagens renn:
https://live.eqtiming.com/80618#result:329079-9-1432209-1-1-

Til rennet søndag har Sunnylven 6 påmelde deltakarar. Ein kan følgje resultata i morgon på eqtiming. Løpet startar klokka 12.00. https://live.eqtiming.com/80573#

Tuva Marie gjekk inn til siger i klassa J15.
Sakarias hevda seg godt i klasse G11.
Alma i fint driv.
Flotte forhold på Aalandsleitet laurdag.
Sunnylven stilte med 9 deltakarar på Normal-distansen laurdag.

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info

Vis alle innlegg av Gunnar Sårheim Fivelstad →