17. februar 2026

Hellesylt Ungdomslag

Hellesylt ungdomslag har årsmøte i kveld og kan presentere ei fyldig årsmelding. Men også i eldre tider var det stor aktivitet i laget. Frå bygdeboka kan vi lese at laget frå fyrst av heitte «Hellesylt kristelige ungdomsforening» og vart skipa i 1904. Prost Ludvig Nielsen var fyrste formann, og var det til han flytte herifrå i 1905. Fyrste året hadde laget 84 medlemer og hadde 27 samkomer.

Frå 1906 til 1909 var prost Th. Gunnarson formann. Den 5. april 1909 melde dei laget ut or Sunnmøre krins av det kristelege ungdomsforbund, 24 røysta for og 6 mot. Hausten 1910 vart laget samrøystes innmeldt i Sunnmøre frilynde ungdomssamlag og fekk frå då namnet det no har.

Medlemstalet har ymsa gjennom åra, og interessa og arbeidsytinga har og svinga noko. Men ein får tru at laget i nokon mon har makta den oppgåva som er nemnt i $ 1: «Ungdomslaget har til føremål, på kristeleg grunn, å arbeide for norskdom, fridom og opplysning. Dette vil laget søkje å nå gjennom foredrag, opplesing og ordskifte om så vel kristelege som almenn-menneskelege emne.»

Husrom til lagsarbeidet var ikkje så lett å få. Stundom heldt dei til i Magnusløa og stundom i sjøbua ved voren i elveosen. Seinare vart samlingsstaden i det gamle skulehuset på Brauta, og her hadde dei årvisse framsyningar både i romjula og 17. mai.

Men huset var heller trongvore, og alt i 1910 vart det valt ei mannsterk nemnd til førebu husbygging. Det var vandt å få høveleg tuft, og elles ville ein ikkje leggje i veg med byggjearbeid før ein hadde samla ein bra kapital. Fyrst i 1926 vart huset ferdig og vart vigsla 21. november same år. Lærar Stefan Åsen heldt vigsletalen. «Fossedur», som var namnet på huset, kosta omlag 20.000 kr.

Kunstmålar Peson måla sceneutstyr. Kjøpmann Anton Larssen kosta måling av huset utvendes og Johan Birkevold, Knut Korsbrekke, Knut Slettedal og Obert Solbjørg innvendes.

Fossedur i 1981.

Vi har leita fram årsmeldinga for 100 år sidan. Denne stod skriven i «Ungdomsvon – blad for norskdom, ungdom og idrett» fredag 19. februar 1926. Årsmøtet dette året vart halde den 18. januar 1926.

Aarsmelding fraa Hellesylt ungdomslag.

Laget har dette aaret havt 66 lagslemer. Styret har vore: Kjartan Syltevig, form., L. Frøysa, nestformann og kassestyrar, Petra Johanne Hellesylt, skrivar, Anna Stokke, Jenny Tryggestad, Hans S. Ringdal og O. Kr. Voldsæter.

Laget har havt 12 vanlege møte, 3 styremøte og 3 festar. Dessutan 3 møte med utsendingar fraa ungdomssamlaget, ialt 21 samkomor. 9 foredrag har vore haldne paa møter og festar, 3 fraa ungdomssamlaget og 6 andre. 2 skodespel har vore framsynte og det handskrivne bladet «Fram» har kome i 13. nr.

Rekneskapen var gjenomgaadd utan merknader og viste at nettoinnkoma utgjorde kr. 771,32. Av dette skaffa Hellesylt gjentelag kr. 137,67 umframt det som det løyvde til blindesaka. Det andre er overskot fraa festar, skodespel og basarar. Det meste av desse pengane er sett paa rente; men noko er nytta til aa fyrebu husebyggjing. Til sumaren vert det vonleg byggt nytt ungdomshus med 2 høgder.

I vaar fekk laget heim 5000 gran- og fureplanter som folk rundt um har planta ut og i haust tinga det burt og ferda ut 17 Norske Uppbyggjingsbøker.

Den 18. januar hadde laget aarsmøte, Kjartan Syltevig sa fraa seg attval til form, og lærar Aa Lillebø vart vald i hans stad. Petra Johanne Hellesylt vart attvald til skrivar. Desse styreslemene gjekk ut etter byrt og sa fraa seg attval: O. Kr. Voldsæter, Hans S. Ringdal og Anna Stokke. I deira stad vart valde: Lars Stokke, Sakarias Stadheim og Rebekka Stadheim.

Paa styremøtet den 24. januar vart L. Frøysa vald til nestform. og Lars Stokke til kassestyrar. Hellesylt ungdomslag har i det heile arbeidt godt siste aaret. Det har vore godt frammøte paa alle samkomor og alltid rik underhaldning.

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info

Vis alle innlegg av Gunnar Sårheim Fivelstad →