22. januar 2026

Hellesyltdagane 2026 blir 3. – 5. juli.

Hellesyltdagane 2026 blir arrangert 3. – 5. juli, det er meldinga frå hovedkomiteen om dato for sommarfesten.

I media er det ved høve blitt annonsert feil dato for folkefesten Hellesyltdagane 2026. Nettstaden hellesylt. info er av arrangøren bedne om å gjere kjent at dato for dagane er 3. – 5. juli.

Vi har fått følgande melding frå hovudkomiteen:

Godt nytt år, vener av Hellesyltdagane! Det verkar å vere litt forvirring rundt datoane for årets Hellesyltdagar. Dagane blir arrangert som tidlegare og vi gler oss til å ønskje dykk velkomen til nye dagar første helga i juli, 3.-5. juli 2026!
Men for å få til eit vellukka arrangement treng vi hjelp! Har du lyst å bidra eller har forslag til artistar, aktivitetar eller arrangement du ønskjer deg i år? Ta kontakt med hovudkomiteen. 

 

 

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →