I alt 534 hjort vart felt i Stranda kommune i fjor, 205 av desse fall for skot frå jægerar i Sunnylven.
Hjortejakta i Sunnylven vart nesten like god i fjor som i 2024. I alt 205 hjort vart felt fram til jakta tok slutt 23. desember, eller fem ferre enn i 2024.
I Langedalen skaut jægerar 89 dyr, Nedre Sunnylvsbygda hadde 41 dyr, medan det i Øvre Sunnylvsbygda vart felt 75 dyr. Storleiken på dyra varierte frå rundt 145,0 kilo, til små kalvar heilt ned til 11.0 kilo.
I Sunnylven er der mykje hjort, og jakta har variert kvart år frå 2017 og fram til i fjor. På det meste vart det i 2017 felt 285 dyr. Så gjekk det ned til 190 året etter, men auka igjen og kom til 228 felte dyr i 2021. Deretter fekk Sunnylven den lavaste avskyting på mange år med totalt 172 dyr, før det auka igjen i 2023.
Sjølv om tala for felte dyr gjekk litt ned dei to siste åra, i 2024 (210) og 2025 (205) er vel jægerane nøgde med avskytinga, vil vi tru.
