15. februar 2026

Inge Bjørdal ny leiar i Stranda Senterparti.

Det nye styret i Stranda Senterparti.

Stranda Senterparti har nyleg halde årsmøte. Her vart Inge Bjørdal vald til ny leiar.

Vi spurde den nyvalde leiaren kva som blir dei viktigaste oppgåvene for Stranda Senterparti det komande året.

– Eg er så fersk i dette at eg ikkje skal vere altfor konkret på kva saker som er dei viktigaste. Dette finn ein om ein går inn i kommunevalprogrammet (2023-27), seier Bjørdal. Utover dette kan eg jo tillate meg å gje uttrykk for litt private meiningar:

I tråd med tradisjonell Senterparti-politikk vil vi alltid vere opptekne av å skaffe likeverdige vilkår for dei som bur i distrikta og utkantane av landet vårt. Vi ser heile tida at tilboda i slike område forvitrar. For å vere konkret kan ein t.d. nemne skuletilbod, kommunikasjonar, eldreomsorg og fritidstilbod for ungdom.

Svært mykje av dette er avhengig av kommuneøkonomi. I dag slit mange kommunar meir enn før, sjølv om Stranda kommune p.t. ikkje er dårlegast stilt i så måte. Handlingsfridommen for kommunen til å gjere tiltak utover dei lovpålagde er difor avgrensa.

Men det er viktig å tenkje gjennom at kommuneøkonomien ikkje berre er styrt av statlege overføringar. I ein slik situasjon er det lett å ty til kostnadskutt som botemiddel. Men det er like viktig at vi ser på moglegheitene våre til sjølve å aktivt skape inntekter ved å sikre eit nyskapande og konkurransedyktig næringsliv som gir skatteinntekter, arbeidsplassar og eit lokalmiljø som gjer oss attraktive, både for dei som veks opp i kommunen og for folk som søkjer hit for å bu og etablere seg.

Vi har mange solide og nyskapande bedrifter i Stranda som viser stor evne til omstilling og nyskaping. Desse må vi stimulere og hegne om ved å bruke dei verkemidla ein kommune har til å legge til rette for næringsutvikling, t.d. gjennom planprosessar og i vårt tilfelle å bruke Denne Stranda som verktøy.

Mange innbyggjarar gjer ein stor innsats ved å delta i organisasjonslivet med frivillig arbeid. Ikkje alle tenkjer ikkje gjennom kor store verdiar som vert skapte gjennom slik innsats. SP vil difor søkje etter måtar å stimulere dei som gir av fritida si til fellesskapet.

Bjørdal fortel til hellesylt.info at utviklinga i medlemstalet til Stranda Senterparti har vore relativt stabilt over tid.
– Litt overordna er aktivt partiarbeid ein levande del av demokratiet vårt og dette er kanskje den beste vaksinen mot at autoritære og udemokratiske tendensar får veksevilkår slik vi diverre ser tendensar til i dag. Alle må difor stille opp for å få flest mogleg til å engasjere seg i arbeidet for å skape eit samfunn der flest mogleg trivst.

Politisk arbeid er ein del av det eg reknar som frivilligheita. Eg brukar sjølv ein god del tid på slikt arbeid, og opplever nok at det til tider kan vere krevjande å få folk til å engasjere seg. Det kan ha mange årsaker, t.d.:

• Tidsklemma som gjer det vanskeleg å forplikte seg til faste, langsiktige verv.
• Skeivdeling, dvs. at det er ei lita gruppe frivillige som står for ei stor del av innsatsen og som gjer systemet sårbart (overforbruk av ‘dei villige’).

Til sist spør vi Bjørdal kva sakar han opplever engasjerar mest i kommuna for tida ?

Her understrekar Bjørdal at svaret byggjer på hans opplevingar av kva som opptek folk og listar opp :

  • Utfordringane nullutsleppsvedtaket har skapt for kommunen og korleis vi skal løyse dette på ein måte som gjer at vi kjem igjennom overgangsperioden utan for store negative konsekvensar for den delen av næringslivet som lever av reiselivet
  • Saka om vidaregåande skule fordi det å bevare dette tilbodet vil vere heilt avgjerande for at ungdommen skal kunne bli buande i kommunen i denne perioden av livet, og for at næringslivet skal kunne få til det samarbeidet dei ønskjer m.o.t. praksisnær fagutdanning. Elles trur eg dessutan at mange no ser konsekvensane av  den aukande tendensen til privatisering av skuleverket med det som skjer i Volda og dei to bygdesamfunna Dalsfjorden og Lauvstad som eit godt døme.
  • Eigarskap i energiselskapet: Eg trur folk er uroa over at diskusjonen om utsal av eigarskapet i Tussa er på dagsorden, og at ikkje alle ser ut til å tenkje kva som er det til beste for kommunen på lang sikt.
  • Folk ser ut til å meine at det kanskje er mindre vekt på dei tunge og viktige sakene enn før, t.d. Strynefjellet, pålegget om nullutslepp i fjordsystemet. Alle ser at dette har djuptgripande innverknad på utviklinga i kommunen.
  • Utfordringane kommunen har fått som følgje av strukturendringa som kjem. Kva er den mest framtidsretta løysinga: meir interkommunalt samarbeid, nye kommune-konstellasjonar eller rett og slett satse alt på at vi kan byggje vidare på det vi har.

Det nye styret er samansett slik:

Leiar: Inge Bjørdal
Nestleiar: Stein Lystad
Kasserar: Nils Einar Ringstad
Studieleiar: Liv Norunn L Runde
Styremedlem: Leif Inge Salte
Styremedlem: Randi Sæter

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info

Vis alle innlegg av Gunnar Sårheim Fivelstad →