17. februar 2026

Inspirerande kunst

Mycelium Fields er eit kunstverk av den slovenske kunstnaren Matej Bizovicar, inspirert av dei underjordiske soppnettverka (mycel). Kunstverket kjem til skular i Fjord og Stranda kommunar i midten av februar.

Leiar i Geiranger lyskunstfestival, Gunnar Inge Eide har sendt oss denne orienteringa om kunstprosjektet;

-I samarbeid med born på stadar kunstnaren Matej Bizovicar arbeider blir desse små, vakre figurane laga, og som til saman blir kunstverket Mycelium Fields. Det er eit vakkert prosjekt som handlar om nettverk i vid forstand, fortel Eide og held fram;

-Det starta i Slovenia med born der, reiste vidare til fleire stader i Sverige og er no her hjå oss. Alle mellomtrinnselevar i begge kommunane Fjord og Stranda skal delta og saman skal dei bygge vidare på dette store nettverket.
Etter oss reiser det vidare til andre stader, der nye born bygg vidare på det, og det veks seg stadig større. Slik skaper det også band mellom born frå ulike nasjonar og kulturar, som saman formar noko stort.
Sjå gjerne på det som eit symbol på samarbeid og fredsband, det treng vi i vår tid-.

Det fortel Gunnar Inge Eide som også opplyser at dei kjem rundt og skal ha verkstad med alle skular i kommunane Fjord og Stranda. Dei kjem til Sunnylven skule 10. februar.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →