Kuldegradene har sett seg i Sunnylven. Over alt er det tosifra på gradestokken, og slik skal det halde fram også i dagane som kjem.
Det er berre å finne fram bjørkeved og fyre i omnen, for det blir framleis kalde dagar. Sist vi melde temperaturen i Sunnylven var Tronstad «best» med 23.6 minus. I dag, tysdag 6. januar har dette området framleis lavaste temperatur, frå vel 28.0 til 26.0 minus. Også i Bygda ligg temperaturen frå minus 18.0 – 20,0 grader, og på Hellesylt er det 13.6 minus.
Alle temperaturar har hellesylt.info fått tilsendt frå private.
Verspåmannen Ivar Hol lovar heller ikkje mildare ver eller varmegrader med det fyrste. Til Sunnmørsposten har han uttala at kulden vil halde seg ut januar månad, men at det skal bli mildare ver i februar. I mars får vi ei ny kuldebølge, trur Hol.
.