22. januar 2026

Kallar inn til årsmøte i HUL.

Marianne Fivelstad har leia Hellesylt Ungdomslag i ei årrekke, frå 2012 med to års avbrot i 2015 – 16.

Hellesylt Ungdomslag held årsmøte 23. januar på Hellesylt Boutique & Bar. Mange står på val i år, mellom dei leiar i laget.

Hellesylt Ungdomslag har lagt bak seg eit nytt aktivt år i 2025. Rett nok vart det ikkje romjulsspel dette året, men dei fleste aktivitetar med grendakveld, deltaking under Hellesyltdagane, og leik og dans for unge og eldre er blitt gjennomført.

Fredag 23. januar held laget årsmøte i lokala til Hellesylt Boutique & Bar klokka 19.30. Mange står på val i laget, heile femten har vi talt opp frå oversikta som er sendt ut som innkalling til årsmøtet.
Dei som ikkje ønskjer attval må gje melding til valnemnda om dette innan 13. januar, st

Leiar i HUL, Marianne Fivelstad har hatt vervet i ei årrekke og har leia laget på ein framifrå god måte. Ho står på val i år, men om ho ynskjer avløysing kjenner vi ikkje til.
Også Per Olav Frøysa Hånes og Wenche Solli er på val i hovedstyret, saman med dei tre varamedlemane, Synnøve Kjellstad, Egil Røyrhus og Liv Norunn Langeland.

Gruppa for Barnelaget har fire medlemer. Her er Kine Hole Støverstein og Jaff / Shayne Pacificar på val i 2026.
Teaterstyret har fem medlemer og her er Geir Frøysa og Elisabeth Melvoll på val.
Badehusstyret har seks medlemer. På val i 2026 er Åse Karin Grøndal, Even Andre Bjørneseth, og Inge Korsbrekke.

Valnemnda i HUL har tre medlemer, 1. Hanne Kvamme,(på val) 2. Ellen Fivelstad. 3. Knut Dag Langeland.
På val i 2026 er også revisor Oddbjørg Stadheim.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →