22. januar 2026

Knuste alle opp «monsterbakken!».

Mattis Stenshagen etter fullført løp opp monsterbakken i Tour de ski. (Bilde frå TV)

Mattis Stenshagen gjekk frå alle opp «monsterbakken» i Tour de ski. Det var hans andre siger i årets tour.

Mattis Stenshagen er i knallform og truleg klar for sitt fyrste OL. Søndag viste han på nytt uvanlege krefter og gjekk frå alle opp monsterbakken på den sjette og siste etappa i Tour de ski. Samanlagt kom han totalt på andre plass, vel 30 sek. etter vinnaren av tour-èn Johannes Høstflot Klæbo.

Mattis Stenshagen går for Follebu skiklubb, men har slektsrøter til Sunnylven og Ytste Åkneset. Der i frå kom bestemor Gunnhild som drog til Østlandet og vart gift med Per Stenshagen.
Son deira, Leif Roger er far til 29 år gamle Mattis som har vore ein av norges beste i langrenn i mange år. No får han truleg plass mellom dei åtte mannlege løparane som skal til OL i Italia.

Per Jarle Matvik kjenner godt til slektningane frå Ytste Åknes og han er imponert over prestasjonen til Mattis i langrennsporet.
-Eg er kjempefornøgd, no må han bli utteken til OL i Italia, seier han og fortel at både far og mor hans har planlagt reise nedover til Italia i lag med fleire frå Gausdal.
-Dette blir stort, seier Per Jarle og kjem med i oppmoding til Sunnylven IL.
-Sunnylven idrottslag må invitere Mattis til Hellesyltløpet til sommaren. Kanskje seier han ja og kjem, det ville bli ei oppleving for mange.

Også hellesylt.info håper invitasjonen blir sendt og at Mattis Stenshagen stiller til start i Hellesyltløpet 4. juli.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →