17. februar 2026

Organist i kyrkja

Organist Romain Vaude blir å høyre under gudstenester i Sunnylven kyrkje

Under fleire gudstenester i Sunnylven kyrkje blir det ny organist å høyre. Franske Romain Vaude vikarierer i jobben, i tillegg til Gunnar Inge Eide og Carolin Eide.

Vi har stilt spørsmålet til sokneprest Ann Kristin Langeland om Gunnar Inge Eide sluttar som organist, men det stemmer ikkje. Her er svaret vi fekk;

-Vi har ikkje ny organist, hovedorganisten vår er framleis Gunnar Inge Eide, men i Storfjorden har vi tre organistar i deltidsstillingar, Gunnar Inge og Carolin Eide og Romain Vaude. For å få kabalen til å gå opp, alternerer desse i alle kyrkjene i Storfjorden (Stranda, Liabygda, Stordal, Sylte, Norddal, Geiranger og Sunnylven.)
Romain Vaude er fransk, og har vore tilsett eit par år her i Storfjorden. I tillegg til å vere organist her hjå oss, er han del av «Grissini Project» (sjå «grissini­_music»)-.

Det er gudsteneste i Sunnylven kyrkje søndag 25. januar. Då er det Gunnar Inge Eide som er organist.
Romain Vaude set ved orgelet under gudstenester i Sunnylven kyrkje søndag 22. februar, søndag 22. mars, og fyrste påskedag, søndag 26. april.
Sjå aktivitetskalendar på www.hellesylt.info

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →