17. februar 2026

Seier ja i lys og vinterprakt

Drop‑in‑bryllaup og fornying av ekteskapsløfte i Geiranger under Lyskunstfestivalen.

Frå Fjordapresten har www.hellesylt.info fått denne meldinga…

Fredag 20. og laurdag 21. februar opnar Geiranger kyrkje dørene for drop‑in‑bryllaup – midt i ei av dei mest stemningsfulle vekene i bygda, – under Lyskunstfestivalen.

Denne helga blir kyrkja opa, ikkje berre for nye ekteskap, men også for dei som ønskjer å fornye ekteskapsløfta sine. Anten ein har vore gift i mange år, har levd saman lenge eller berre ønskjer å markere samhaldet og kjærleiken på nytt.

Ei heilt unik ramme rundt ja‑ordet!
Geiranger Lyskunstfestival går føre seg frå 13. til 22. februar, og gjer bygda til eit levande kunstverk i vintermørkret. Under festivalen er også Geiranger kyrkje prega av lyskunsten, og gir vigsler eit heilt eige uttrykk.

For dei som ønskjer det, vil det vere mogleg å:
*bli vigde ute ved ein lysinstallasjon, omgitt av vinter, kunst og fjord,
– eller
*ha vigsel eller løftefornying inne i kyrkja, der lyskunsten er ein integrert del av rommet.
Dette gjev ei ramme få andre stader i landet kan tilby.

Tidspunkt.
Det blir lagt til rette for seremoniar:
*Fredag 20. februar – kveld
*Laurdag 21. februar – føremiddag
*Laurdag 21. februar – kveld
Ein må melde seg på førehand, slik at vi får ordna papir og det praktiske. Det gjer ein ved å ta ein første kontakt med Fjordaprest Ann Kristin Langeland, tlf. 976 87 525
eller til Stranda kyrkjekontor på tlf. 404 41 522.

Drop‑in‑bryllaup – heilt enkelt, like stort.
Drop‑in‑bryllaup i Den norske kyrkja er ei enkel, men fullverdig kyrkjeleg vigsel. Seremonien inneheld:
*Musikk (ikkje på vigslene som er utandørs)
*tekstlesing,
*ei kort, personleg tale,
*ekteskapsløfte,
*forbøn og velsigning.

For fornying av ekteskapsløfte blir seremonien tilpassa paret. Her handlar det ikkje om det juridiske, men om takksemd og fellesskap.

Dette må vere på plass for vigsel.
For dei som ønskjer å gifte seg, må følgjande vere i orden:
*Gyldig prøvingsattest frå Skatteetaten (gyldig i 4 månader)
*To forlovarar
*Gyldig legitimasjon

For fornying av ekteskapsløfte er det ikkje krav om prøvingsattest.

Fjordapresten vier.
Det er Fjordapresten Ann Kristin Langeland som står for seremoniane. Ho kjenner fjordfolket, kulturen og landskapet godt. Målet er at dette skal bli fine, verdige og minneverdige stunder, anten det er første gong ein seier ja – eller om ein kjem for å fornye løfta sine til kvarandre, seier Langeland. Ho legg vekt på at kvar seremoni skal opplevast personleg, samtidig som ramma er høgtideleg og inkluderande.

Kom som de er
*Kom i bunad, kjole, dress – eller ullgenser og gode vintersko.
*Ta med familie og vener – eller berre kvarandre.
*Gjer dagen stor – eller stillferdig.

Her er det rom for livet slik det er.
Når kjærleiken får lys rundt seg, kunst i bakgrunnen og ord å kvile i, kan sjølv vintermørkret bli lyst og varmt.

Velkomen til drop‑in‑bryllaup og fornying av ekteskapsløfte i Geiranger.

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →