15. februar 2026

Snart årsmøte i Sunnylven Pensjonistlag

Det er alltid god stemning i Sunnylven Pensjonistlag. Her frå tur til Kalvåg for nokre år tilbake.

I veke åtte er det årsmøte i Sunnylven Pensjonistlag. Møtet blir halde på den faste staden til pensjonistlaget, på Sunnylven kyrkjelydshus.

Årsmøtet i Sunnylven Pensjonistlag blir halde onsdag 18. februar. Møtestad er Sunnylven kyrkjelydshus klokka 15.00. Her blir det val, program og som vanleg god servering.
Sakliste er årsmelding, rekneskap, og budsjett for komande år. I tillegg blir eventuelle innkomne framlegg behandla, og det blir val.
På val denne gongen står styreleiar, tre styremedlemer, varamedlemer, revisor og valnemnd.

Frist for å sende inn forslag på saker som ein ønskjer skal takast opp på årsmøtet er 13. februar. Sakene skal sendast til leiar i laget, Astrid Langeland.
På årsmøtet vil Harald Sørheim fortelje om arbeidet i eldrerådet og orientere om aktuelle saker.

Saker fyrste halvår.
Sunnylven Pensjonistlag har også lagt ved årsmøteinnkallinga eit program framover til sommaren der laget byd på varierte og interessante opplevingar med både samlingar og utflukter.
Fyrste treffet etter årsmøtet er torsdag 19. mars på Kyrkjelydshuset, eit medlemsmøte med servring av potetball, og med orientering om arbeidet til Ljøbrekkas Venner ved Petter Hjørungdal.

Ope hus.
Laurdag 18, eller laurdag 25. april blir det «ope hus» på Kyrkjelydshuset mellom kl. 12.00 – 16.00 der laget sel kaffi, vaflar og sveler. Det blir også sal av snurrelodd.

Pensjonistlaga i Indre Storfjorden samlast til servering på Brasseriet.

Båttur på Sunnylvs -og Geirangerfjorden.
Så søndag 10. mai er det tur på Geirangerfjorden og Sunnylvsfjorden for medlemer i pensjonistlaga i Stranda, Sunnylven, Geiranger og Eidsdal.
Turen går med den nye båten til Geiranger Fjordservice og er gratis. Den blir dekka av stiftinga Mrs. Looi i Geiranger.
Turen blir ei oppleving på fjorden, også til Oaldsbygda med retur. Og under vegs vert det stopp ved stader det knyter seg gode historier til.
I Geiranger blir det servering ved restaurant Brasseriet Posten, og Odd Normann Hoff vil fortelje om busetnad og hendingar langs fjorden.
Det er påmelding til turen der Sunnylven har fått 50 plassar, så her gjeld det om å vere først og tidleg ute.

Jonsoktreff på Tronstad
I år arrangerer Sunnylven Pensjonistlag jonsoktreff på Tronstad grendahus. Frå klokka 13.00 og utover bir det servering av rjomegraut og spekemat, kaffi og kaker. Det blir også diverse song -og musikkinnslag, og tombola. Pris kr. 100.- pr. person.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →