15. februar 2026

Snart Lyskunstfestival i Geiranger.

Det skjer i Geiranger i veke sju og åtte. Då blir den årlege Lyskunstfestivalen arrangert der mange kjende aktørar deltek.

Alle foto: Hyke Studio/Geiranger lyskunstfestival

Frå 13. til 22. februar 2026 inviterer Geiranger lyskunstfestival til ti dagar med lyskunst, konsertar og aktivitetar i Geiranger. Festivalen er open og gratis, og arrangørane håpar også folk frå Hellesylt og området rundt Storfjorden tek turen.

Lyskunstutstillinga er open kvar kveld mellom klokka 18.00 og 22.00 og går i ei to kilometer lang løype frå fjorden og opp gjennom bygda. Utstillinga kan opplevast til fots og eignar seg godt som kveldstur.

– Dette er ei lågterskel oppleving som passar for mange. Ein kan ta turen over fjorden, gå lysløypa og kombinere det med servering eller konsert, seier prosjektleiar Gunnar Inge Eide.

Konsertar og ungdomstilbod

Festivalen byr på fleire konsertar og arrangement for ulike aldersgrupper. Laurdag 21. februar klokka 16 blir det konsert med Sigmund Groven og Iver Kleive i Geiranger kyrkje. I tillegg blir det Silent Disco ved fjorden fleire kveldar i løpet av festivalen, eit tilbod som er retta mot ungdom og unge vaksne.
Serveringsstader, hotell og Norsk Fjordsenter held ope kvar dag under festivalen.

– Vi ønskjer at lyskunstfestivalen skal vere ei oppleving for heile regionen, ikkje minst for folk som bur rundt Storfjorden, seier Eide.
Den offisielle opninga av festivalen er fredag 13. februar klokka 18.

Program – utvalde konsertar og arrangement

  • Dagleg kl. 18–22: Lyskunstutstilling – to kilometer lang lysløype gjennom Geiranger
  • Fredag 13. februar kl. 18: Offisiell opning med live konsert/performance (CMC)

Omvisning i lyskunstutstillinga med kunstnarar og festivalleiing Lys-disco med DJ Arvo på Café Olé

  • Tysdag 17., torsdag 19. og laurdag 21. februar kl. 17–18: Silent Disco ved fjorden (Geiranger camping)
  • Onsdag 18.februar kl 18: Lysvesper, med Kåre Nymark jr, songarsolistar og musikarar
  • Fredag 20. februar kl. 21: LyskunstFestivalJazzPub, Hotel Union
  • Laurdag 21. februar kl. 16: Konsert med Sigmund Groven og Iver Kleive, Geiranger kyrkje. Førehandssal på tikkio.no
  • Barnedisco: dagleg kl. 20–21, Hotel Union

Lyskunstfestivalen i Geiranger har mange kveldsopplevingar for folk rundt Storfjorden.
For fullt program og opningstider: sjå festivalen sine nettsider www.geirangerlys.no

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →