
Denne veka vart det kjent kva songar som skal delta i den norske Melodi Grand Prix finalen. Årets deltakarar består av 9 artistar, og vinnaren av finalen i Håkons Hall på Lillehammer 28. februar skal representere Norge under Eurovision Song Contest i Wien i mai. Blant deltakarane har vi også ein Sunnylving. Ådne Kjellstadli er med som låtskrivar til artisten Leonardo Amor.
Ådne jobbar akkurat no som musikkprodusent og pianist i Oslo. Som produsent hjelper han artistar med å lage musikk. Det kan vere å utvikle idear, spele inn songar og jobbe med lyden slik at musikken blir så bra som mogleg. Han jobbar også som pianist for fleire av desse artistane når dei har spelejobbar.
Om bakgrunnen sin fortel Ådne:
– Etter 3 år på musikklinja i Volda, gjekk eg eit intensivt årsstudium på Lillehammer (limpi) der eg lærte mykje om låtskriving, studioarbeid og musikkproduksjon.
Korleis fekk du moglegeheita til å vere med på Melodi Grand Prix ?
– Eg fekk moglegheita til å vere med på Melodi Grand Prix gjennom Leonardo Amor, artisten som framfører «Prayer». Vi gjekk saman på Limpi og i januar i fjor kom han til studio med ønskje om å skrive ei låt til artistprosjektet sitt, med eit sårbart og personleg tema. Det samarbeidet resulterte i «Prayer», som han seinare meldte på MGP, fortel Ådne til hellesylt.info.
– Eg fekk først vite at songen skulle til MGP i november, og eg vart sjølvsagt kjempeglad for nyheita. Men eg må inrømme at det ikkje har vore like kjekt å måtte holde det hemmeleg heilt fram til no. Songen er basert på erfaringar Leonardo hadde som ungdom, då han ikkje fekk vere med i eit gospelkor i kyrkja på grunn av kven han er.

Kva rolle hadde du i arbeidet med songen?
På denne songen har eg hjulpe til med tekstskriving, arrangement og produksjon, men eg har for det meste hatt «pianist-rolla». Eg har skrive akkordprogresjonane, melodiane i strykararrangementet og ikkje minst spelt piano til songen (pianoet ein høyrer er spelt av meg).
– Vi ønskte at lyttarane skulle kjenne seg igjen og følgje med frå start til slutt. Det er vanskeleg å peike på eitt høgdepunkt, for eg hugsar heile prosessen som det kjekkaste. Eg håpar sjølvsagt at songen kjem med til Eurovision. Det hadde vore utruleg tøft. Framover håpar eg at musikken min når fram til fleire og kan nå ut til folk på ein ekte måte, avsluttar Ådne.
Vi ynskjer Ådne lukke til i Grand Prix der han mellom anna skal konkurrere mot tidlegare Eurovisjonsvinnar Aleksander Rybak.