6. mars 2026

Årsmøte i Sunnylven IL 25. mars

Sunnylven Idrottslag kallar inn til årsmøte onsdag 25. mars klokka 20.00 på Sunnylven samfunnshus.

Fyrste innkalling til årsmøte i Sunnylven IL 25. mars er sendt ut. Det blir faste postar som årsmelding, rekneskap og val, men andre saker er ikkje klar enno.

-Har du andre saker som skal takast opp, gje melding til styret v/Tarjei Korsbrekke tlf. 955 59 654, eller e-post tarjei@ht-bygg.no innan  11. mars 2026.
Og om nokon på val ynskjer å seie frå seg attval, må vedkomande gje melding til valnemnda ved Knut Dag Langeland, tlf. 920 68 187 innan 11. mars 2026.

Dei som ikkje har verv, men har lyst til å engasjere seg i idrett i Sunnylven, er hjarteleg velkomne til å ta kontakt med valnemnda eller styret!

Slik står det i orienteringa om årsmøtet frå styret. Oppsett sakliste kjem ut seinast ei veke før årsmøtet.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →