Styret og varamedlemer i Sunnylven sanitetslag. Frå v. Nina Øye Hole, Kari Hauso Stadheim, Ann Janne Hole, Anne Marie Ljøen, leiar Hilde Langlo Brekke, Birgitte Ingeborg Rørhuus-Øie og Ruth Hole Aaland.
Hilde Langlo Brekke held fram som leiar i Sunnylven sanitetslag. Også andre tillitsvalde fekk fornya tillit då laget hadde årsmøte tysdag 24. februar.
Då Sunnylven sanitetslag heldt årsmøte på Sunnylven kyrkjelydshus stod tradisjonelle årsmøtesaker med årsmelding, rekneskap og val på saklista. Heile styret med varamedlemer tok attval.
Året 2025 var eit nytt, godt og aktivt arbeidsår for Sunnylven sanitetslag med arrangement og deltaking både i og utanfor bygda. Det blei halde fire styremøter og handsama 34 saker dette året.
Vi tek med nokre av sakene her;
«Strikkekveldar» på kyrkjelydshuset vart halde frå hausten og framover mot våren med god deltaking.
God hjelp fekk laget av turdamene som laga fastelavnsris der overskot av salet går til forsking på kvinnehelse. Skuleelevar frå 8. klasse selde i «bygd og by». Det vart også seld mairoser.
Laget heidra tidlegare leiar og vår æresmedlem i laget, Anne Gausdal på 90-års dagen med blomar og ein liten fotomontasje.
I Saniteten si veke vart det spandert fruktkorger til bebuarane på omsorgssenteret, fire born fekk «bleiekaker» og fem 1.klassingar fekk handduk med påbrodert namn dette året.
På Sunnylven skule heldt laget fram som lesevenn for unge elevar, og lage sytte for servering til alle på skulen under årets juleverkstad.
Vi samarbeidde med Bygdekvinnelaget om ein open temakveld med temaet «Beredskap i vår bygd» der Inge Teigen stilte opp med eit lærerikt og informativt foredrag om denne viktige saka.
Også dette året var vi med og pakka Juleglede, og det er godt å sjå at både bedrifter og mang andre er med og gir sine bidrag. På Frivillegsentralen vart eit stort antal Julegledekasser gjort klare saman med Frivillegsentralen og Besøkstenesta i Stranda Røde Kors.
For bygdefolket vart det laurdagskafè på samfunnshuset med kaffi , kaker og tombola både på våren og hausten.
Mange deltok på trimmen «Sterk og stødig», ein time med trim for personar mellom 65 og 90 år i kjellaren på omsorgsenteret. På det meste har her vore rundt 20 damer samla.
På omsorgsenteret vart det arrangert adventsstund og bingoar. Leiar i laget, Hilde Langlo Brekke har delteke på møte saman med Frivilligsentralen, Pensjonistlaget, Bygdekvinnelaget og tilsette på Omsorgssenteret med det formål å skape sosial aktivitet for eldre heimebuande. Tiltaket har blitt kalla Suppeonsdag og har vore ein gong i månaden og har vore godt besøkt.
Laget takkar alle for eit godt og aktivt år, for hjelp med mange og ulike aktivitetar.
-Vi vel å tru at Sunnylven sanitetslag betyr noko for mange og at vi er ein bidragsytar i samfunnet vårt innan samhald, trivsel og utvikling-, står lese til slutt i årsmeldinga.
Rekneskap 2025:
Rekneskapen for laget viser oppgang i inntektene på rundt 10.000.- kroner:
Utgiftene gjekk litt ned frå året før og driftsresultatet kom ut med 435.- kroner i minus.
Laget har god økonomi med 156.000.- i eiendeler, og 250.000.- i kontanter i bank og omløpsmiddel.
Val.
Det vart attval på heile styret med varamedlemer og valnemnd.
Desse vart valde:
Leiar; Hilde Langlo Brekke.
Nestleiar; Ruth Hole Hole.
Styremedlem; Ann Janne Hole.
Skrivar; Birgitte Ingeborg Rørhuus-Øie
Kasserar; Nina Øye
Varamedlemer til styret:
1. Anne Marie Ljøen
2. Kari Hauso Stadheim
3. Laila Røyrhus
Valnemnd:
Olianne Sjåstad
Anne Karin Brenne Ringdal.
