Mattis Stenshagen (29 år) er ein av fleire gode langrennsløparar som Norge stiller med i OL.
Om få dagar brakar det laust med OL i Italia og norske deltakarar på jaktar etter medaljer av edelt metall. Ein av lengrennsløparane, Mattis Stenshagen har slektsband til Sunnylven.
Snart er dei siste treningstimane over for deltakarane i dei olympiske leikane i Italia. I Milano og Cortina d’Ampezzo skal det kjempast om medaljer og gode plasseringar.
Mellom over 60 norske utøvarar er ein med slektsband til Sunnylven, nemleg langrennsløpar Mattis Stenshagen som har bestemor frå Ytste Åkneset. Mattis er sonen til Leif Roger Stenshagen og er mellom mange norske i langrenn som skal kjempe om heider og ære på Italiensk snø..
Kva distansar Mattis Stenshagen får gå er ikkje kjent, men forma er god har vi fretta gjennom Lars Roger Lundanes. Han har god kontakt med far til storløparen som fortel at mange frå Hellesylt og Sunnylven har sendt gode lykkeønske og håper på gode plasseringar for Mattis.
Han takkar for gode helsingar.
Vi i www.hellesylt.info ønskjer Mattis Stenshagen lukke til i OL og på alle løp han blir utteken til å gå.
