6. mars 2026

Pensjonistar feira «Suppeonsdag».

På «Suppeonsdag» fortalde Arne Inge Tryggestad om liv og virke til Laura Ringdal Brataker. Her eit bilde av lysekrona i Sunnylven kyrkje ho overrekte frå Sunnylvslaget i Minneapolis.

Onsdag 11. februar var det samling i kjellarstova på omsorgsenteret på Hellesylt. Her var Stranda frivilligsentral vertskap med program og bevertning.

Det har blitt fleire pensjonistsamlingar i kjellarstova ved Sunnylven omsorgsenter. Her har bygdekvinnelaget, sanitetslaget og pensjonistlag hatt samlingar, slik Stranda frivilligsentral hadde no  onsdag denne veka. På onsdagar, den andre i kvar månad er det møtedag, fortel Ragnhild Stadheim.

Ragnhild var til stades onsdag då Stranda frivilligsentral stod for arrangementet og hadde hjelp av Inghild Storstein. Denne dagen vart det servert fiskesuppe og rundstykke, men fyrst fekk alle vere med på eit interessant kåseri med bilder av Arne Inge Tryggestad.

I 2023 tok Tryggestad og familiemedlem turen til USA for å besøke kjenningar og stader der sunnylvsdama Laura Ringdal Brataker heldt til fram til ho døde i 1934. Ho var gift med Lars Brataker som døde same år.
Tryggestad var innom fleire stader og møtte mange som kjende Laura, ei dame som gjorde seg bemerka, mellom anna i foreningslivet før ho fekk sine barn og trappa ned.

Her eit stort veggteppe frå Laura, men som treng litt vedlikehald.

Også i Sunnylven har Laura Brataker sett sine spor. I bygdebok for Sunnylven og Geiranger kan ein lese at ho var innom heimbygda og overrekte ei stor, ven lysekrone til Sunnylven kyrkje frå Sunnylvslaget i Minneapolis i 1930.
Kanskje var det same år ho fekk Kongens fortenestmedalje, og der ho møtte kongen for å takke. Der gløymde ho den høgtidlege nemninga «Deres majestet», men tittelerte kong Håkon som «kjære, kjære konge». Også det gjekk bra for den staute sunnylvsdama.

Det var eit triveleg reisebrev Arne Inge Tryggestad hadde med frå turen til Amerika i 2023, ein tur han gjorde både spanande og interessant.

På «suppeonsdag» er det alltid god servering. Her Inghild Storstein t.v. , og Ragnhild Stadheim.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →