17. februar 2026

Pynta bjørkeris til fastelavn

Anne Marie Hauge Ljøen t.h., Ann Janne Hole og Ruth Hole Aaland viser fram flotte, ferdigpynta fastelavnsris, klare for sal som ein stor flokk sanitetsdamer i kjellaren på omsorgssenteret hadde gjort klare for sal.

Om vel ei veke, 15. februar er det fastelavnssøndag, ein dag som blir pynta med bjørkeris frå Sunnylven sanitetslag.

Det er tradisjon med sal av fastelavnsris frå sanitetsdamene i Sunnylven.
I 80 år har Norske kvinners sanitetsforening seld fastelavnsris, og laget i Sunnylven har delteke i salet jamt og trutt.

Også i år kjem elevar frå Sunnylven skule rundt med pynta bjørkeris til alle som vil kjøpe, seier leiar i sanitetslaget Hilde Langlo Brekke.  Prisen i år er kr. 150.-, der seljarane frå skuleklassa får ein god sum av beløpet til klassetur.
-Vi får hjelp av elevar i åttande klasse ved skulen til å gå rundt og selge ris, og vi håper at mange kjøper og støttar oss også i år. Ris som vi løyver blir sett fram for sal på Laurdagskafeen til sanitetslaget som blir på samfunnshuset 14. februar. Der blir det i tillegg sal av kaffi, kaker og snurrelodd-, fortel Hilde.

Rundt 120 fastelavnsris vart pynta med fargeglade fjør og klargjort tysdag i veke seks. I kjellaren på omsorgssenteret på Hellesylt var det fyrst «Sterk og stødig»-samling, og deretter jobba mange sanitetsdamer med å pynte risa med fjør i alle fargar. I alt 120 fastelavnsris vart klargjorde for sal i «bygd og by» i Sunnylven i dagane fram mot fastelavnssøndag 15. februar.

Ei av dei mange spreke over 90 som pynta ris med fjør var Oddny Rudi.
Også Liv Hellebostad t. h. og Reidun Tryggestad, også desse over 90, pynta fastelavnsrisa med fargerike fjør.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →