6. mars 2026

Skape næring med postvegen over Ljøbrekka

Ljøsætra med Geirangerfjorden i bakgrunnen.

Nytt samarbeidsprosjekt skal puste nytt liv i den historiske Postvegen mellom Herdalen og Ljøen og gjere den flottaste ferdselsvegar til eit verkemiddel i lokal næringsutvikling.

-Gjennom eit samarbeid med det nasjonale Postvegprosjektet inviterer vi til ein serie med tre samskapingssamlingar gjennom 2026. Her skal både lokale krefter frå kommunen og utvalde regionale aktørar møtast for å legge til rette for å skape lokale ringverknader av Postvegen innan næringslivet (reiseliv, kulturliv, frivilligheita, idrettsliv m.fl.).

Første samling på Stranda
Den første av dei tre samlingane finn stad på Kulturhuset Stranda den 5. mars. Deretter følgjer samlingar 22. april og 3. september.

Føremål med prosjektet

Hovudmålet er å utvikle Postvegen som del av eit nasjonalt kulturmiljø, saman med og for lokalsamfunna langs vegen. Samskapingsprosessen skal bidra til å fremje aktivitetar som samsvarer med lokale behov og utviklingsstrategiar.

Konkret for strekninga over Ljøbrekka er målet å:

  • Bidra til nærings- og lokalsamfunnsutvikling gjennom brei verdiskaping – økonomisk, sosialt, kulturelt og miljømessig
  • Legge til rette for auka bruk av strekninga
  • Skape merksemd og interesse for den historiske ferdselsåra Postvegen representerer
  • Gjennomføre verdiskapingsaktivitetar som synleggjer denne strekninga av Postvegen

Frå Herdalen til Ljøen
Postvegen over Ljøbrekka er kjend for si dramatiske stigning og fantastiske utsikt, og er allereie eit populært mål for turgåarar. Prosjektet skal sjå nærare på korleis ein kan byggje berekraftig næring rundt stien, anten det gjeld guiding, overnatting, formidling eller andre tenester.

Tidspunkt og detaljert program for samlingane vil bli publisert fortløpande. Arrangørane oppmodar alle som ser moglegheiter knytt til denne historiske ferdselsåra om å følgje med på den vidare prosessen.

Kontaktinfo for media:
Inge Bjørdal
99 10 02 53
e-post: ingebjordalhellesylt@gmail.com

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →