Frå start i ei av dei yngste klassene under sonerennet i Hyttehola.
Dei siste dagane har vore ein kamp mot naturen for arrangørane. Store mengder regn og varme førte til vassmetta snø og tette stikkrenner i skianlegget.
Av Magnar Tufte Tyssen
Sidan det var umogleg å bruke tunge maskiner i den mjuke snøen, har det vore køyrt fleire timar med snøskuter for å klargjere traseen skianlegget i Hyttehola.
Sjølv om førebuingane var våte, var forholda i sporet overraskande gode på sjølve renndagen. Det var raskt og godt føre, noko som gav god fart for utøvarane frå fleire klubbar i distriktet.
Delar av den faste løypa måtte likevel stengast på grunn av is og overvatn. Dette førte til at dei eldste utøvarane måtte bryne seg på Haraldbakken fleire gonger.
Det kravde sin styrke, men innsatsen var det ingenting å seie på.
Resultatliste: Sonerenn / Sunnylvscup
G/J 0-10 år – Fullført utan tidtaking
- 0-6 år (0,7 km): Sverre Korsbrekke (Sunnylven IL) , Tomine Alme (Sunnylven IL) , Joakim Hole Flo (Sunnylven IL) , Oskar Brekke (Sunnylven IL) , Isabelle Sundgot (Sunnylven IL) , Oda Hole Hauge (Valldal IL) , Emma Granerud (Emblem IL) , Kristine Ringdal-Tyssen (Sunnylven IL) , Simen Solberg Tryggestad (Sunnylven IL) , Jonathan Kolb Brekke (Sunnylven IL) , Gaute Støverstein (Sunnylven IL) , Nora Sundgot (Sunnylven IL) , Live Hole Hauge (Sunnylven IL).
- G 7-8 år (1 km): Fillip Øye Urke (Hovdebygda IL) , Torjus Solberg Tryggestad (Sunnylven IL) , Aksel Sæther-Hole (Sunnylven IL) , Brede Habostad Engeset (Stranda IL) , Kasper Håseth Langlo (Stranda IL) , Filip Frøysa Hånes (Sunnylven IL) , Lukas Melvoll Frøysa (Sunnylven IL) , Nico Alme (Sunnylven IL) , Severin Sundgot (Sunnylven IL).
- J 7-8 år (1 km): Eline Hole Brekke (Hornindal IL) , Pernille Øye Urke (Hovdebygda IL).
- G 9-10 år (1,7 km): Vetle Støverstein (Sunnylven IL) , Emil Lianes Øye (Hovdebygda IL) , Lavrans Ytterdal (Hornindal IL) , Trym Solberg Tryggestad (Sunnylven IL) , Brage Hågseth Langlo (Stranda IL) , Aron Sognnes Kristoffer (Stranda IL) , Magnus Ringdal-Tyssen (Sunnylven IL) , Henrik Hole Flo (Sunnylven IL) , Jonas Melvoll Frøysa (Sunnylven IL).
- J 9-10 år (1,7 km): Aline Frøysa Hånes (Sunnylven IL).
Klasser med tidtaking
- G 11-12 år (2,5 km): 1. Patrick L. Haugland (Hovdebygda) 11:33 , 2. Sakarias H. Ringdal (Sunnylven) 12:01 , 3. Jeshan Pacificar (Sunnylven) 14:29.
- J 11-12 år (2,5 km): 1. Alma Hole Flo (Sunnylven) 09:35 , 2. Elisa L. Haugland (Hovdebygda) 11:24 , 3. Tomine S. Moe (Hovdebygda) 16:10.
- G 13-14 år (3,5 km): 1. Fredrik F. Stadheim (Sunnylven) 18:41.
- J 13-14 år (3,5 km): 1. Emma Korsbrekke (Sunnylven) 13:26 , 2. Ane B. Ringdal (Sunnylven) 15:28 , 3. Sofia Sæther-Hole (Sunnylven) 22:45.
- J 15-16 år (5 km): 1. Tuva Marie Korsbrekke (Sunnylven) 16:44.
- G 15-16 år (3 km): 1. Jakob F. Hånes (Sunnylven) 18:22 , 2. Kai Adam Røyrhus (Sunnylven) 22:28 , Fullført: Elias S. Røyrhus (Sunnylven).
- Menn 16 år og eldre: 10 km: Arve Haugland (Hovdebygda) 32:12.
5 km: Per Ove Frøysa (Sunnylven) 17:47.
Det gode været lokka tilskodarar til Hyttehola, og det var god stemning langs løypa. Ein stor takk går til alle dei frivillige som har stått på, utan dei hadde det ikkje vore mogleg å gjennomføre rennet.
I kiosken gjekk praten livleg over nysteikte vafler, kaker og varme pølser. Alle dei 50 deltakarane fekk velfortente medaljar etter endt renn.
Det vart ei verdig avslutning på ein dag prega av idrettsglede og sterkt samhald i skimiljøet.
