Sunnylven skyttarlag er i gong med sitt kakelotteri til morsdagen som er 8. februar.
Det blir marsipankake på heldige loddkjøparar til morsdagen også i år. Sunnylven skyttarlag er godt i gang med loddsalet, men laget håper at enno fleire blir med på loddkjøp fram til laurdag 7. februar kl. 12.00. Då er loddsalet slutt og trekning blir gjort like etter same dag. Skyttarlaget køyrer rundt til vinnarane like etter med marsipankaker som er premien.
Sist laurdag var det loddsal på dei to butikkane på Hellesylt, men om du ikkje rakk å delta kan lodd kjøpast på Vipps 616035 heile veka. Ein kan også ringe Ola Vangen, tlf. 944 35 850 for kjøp av lodd.
Pris pr. lodd er kr. 5.-
-Vi håper familiar og kjende informerer og hjelper med å delta i lotteriet slik at det ikkje går «hus forbi»-, skriv Sunnylven skyttarlag.
