6. mars 2026

Stadig nye medlemer i Sunnylven pensjonistlag

-Vi blir stadig fleire i Sunnylven pensjonistlag, sa leiar Astrid Langeland då ho ønska vel møtt til årsmøte i laget onsdag 18. februar.

Sunnylven pensjonistlag har fått tre nye medlemer sidan nyttår og har no 128. Om lag ein tredel møtte fram på årsmøte i laget på Sunnylven kyrkjelydshus 18. februar.
Leiar Astrid Langeland ønska vel møtt, og ho takka for godt samarbeid i året som var gått. Det hadde blitt fleire medlemsmøter og mange andre tilstelningar og turar i 2025.
Ho orienterte om det som skulle skje på årsmøtet og refererte frå saklista. Langeland håpa alle ville få eit nytt, godt år med forventning og omtanke, at alle kunne gå inn i det nye året med varm glede og respekt for kvarandre.

Astrid Langeland går på sitt trettande år som leiar i Sunnylven pensjonistlag.

Årsmelding
Lars Fivelstad presenterte årsmeldinga frå laget. Det hadde blitt halde 11 styremøter der aktiviteten i pensjonistlaget var blitt bestemt.

Den 31. desember i fjor hadde laget 125 betalande medlemer, ti fleire enn året før. Det var no auka med tre.
Fivelstad viste til laget sine mange møter og utflukter for medlemane, til jonsokfeiring, eldredagen, tur til Singerheimen, svelekurs og konsert med «Fossedur». Og før julebord i laget var det tur til Chalottenberg i Sverige. Aktiviteten i laget har vore svært god i 2025, slo han fast i årsmeldinga.

Rekneskap
Også rekneskapen viste svært god økonomi i laget. Siste året hadde innskot i bank auka med 33.741.- kroner og var no på 337.000.-
Inntektene var medlemspengar, arrangement, åresal på medlemsmøter og julelotteri, momskompensasjon, gåve frå Sparebanken Møre og andre mindre pengegåver.
På utgiftssida var arrangement, gevinstar, husleige, blomsterpynting i Hellesylt sentrum, og andre gåver som til TV-aksjonen.

Bjarne Sjåstad spela til eit par allsongar under årsmøtet

Val
Valnemnda i Sunnylven pensjonistlag hadde ein grei jobb denne gongen. Alle tok attval, og styret i laget er;
Leiar: Astrid Langeland
Styremedlemer:
Håkon Hasle (26 – 27)
Lars Fivelstad (26 – 27)
Odd Jostein Bjørdal (26)
Mia Sjåstad (26)
Varamedlemer:
Berit Hole (26 – 27)
Eli Vestphal (26)
Revisor:
Anne Marie Sømoen Frøysa.
Valnemnd:
Bjarne Sjåstad, Reidar Brekke.

Harald Sørheim fortalde frå arbeidet i eldrerådet og fekk blomar og gode ord frå leiar Astrid Langeland.

Frå arbeid i Eldrerådet i Stranda fortalde Harald Sørheim. Han kom inn på planleggingsarbeidet med den nye sjukeheimen som skal byggast på Stranda. Den har vore planlagt i mange år, men no har arbeidet fått ny fart av det nye kommunestyret.
Utruleg mykje må på plass før ein kan setje spaden i jorda, sa Sørheim. Men behovet er stort, 330 personar over 80 år bur i Stranda no, og om ti år er talet 464. Den nye sjukeheimen er planlagt med 55 plassar.
Og kvar skal sjukeheimen byggast?
Alle har snakka om Lånamarka, men no blir tomten ved omsorgssenteret, sa Sørheim.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →