Styreleiar i Sunnmørsmusea AS, Tove Henøen.
-Sunnmørsmusea AS er byrjinga på slutten av museumsstrid på Sunnmøre-, heiter det i ei pressemelding sendt ut av Stein Storsul, og som skriv vidare;
-Kulturarven er heilt grunnleggjande for kven vi er og kven vi skal bli. Strid gjer oftast skade og forvitring, no skal vi stå opp for kulturpolitiske verdiar. Kulturarven er fundamentet for kulturpolitikken i kommunar og lokalsamfunn.
Styret i dette nye museumsselskapet hadde sitt første møte på tysdag den 17. februar med styreleiaren Tove Henøen ved roret.
Skiparane av Sunnmørsmusea AS er blant dei musea som blei ståande utanfor det konsoliderte museumsselskapet stiftinga Viti, og dermed utanfor tilgang til statlege og fylkeskommunale finansieringsordningar.
Etter fleire år med godt, men resultatlaust snakk, vil skiparane over til konkret handling etter ein tydeleg plan i fasar der ny fase byggjer på den føregåande.
Skiparane har gjennomført fase 1.
Gjennom ein aksjonæravtale og skiping av Sunnmørsmusea har dei 5 skiparane snudd merksemda frå strid til bygging av god forvaltning av kulturarven vår i eit samlande museumsselskap som alle museum, kommunane og Møre og Romsdal fylkeskommune kan eiga i fellesskap. Strukturen er etablert.
Fase 2.
Sunnmørsmusea AS skal invitere skiparane sine vertskommunar til å styrka eigarskapen til selskapet ved å bli aksjonærar.
Fase 3
Her skal Sunnmørsmusea AS invitere og inkludere resten av musea, kommunane og fylkeskommunen til eitt samlande, konsolidert museumsselskap for heile Sunnmøre.
I gjennomføringa av fase 2 og 3 vil vi koordinere tiltak og strategi med Møre og Romsdal fylkeskommune. Etableringa og utviklinga av Nordmørsmusea AS er ein klar inspirasjon i arbeidet for ei god løysing for museum i region Sunnmøre-,
heiter det til slutt i meldinga frå det nye museumsselskapet..