Sunnylven skule feirar samisk veke med aktivitetar ute i det fri, mellom anna på det islagte Helsetvatnet.
Veke seks er samane si veke og den har blitt markert med matrettar og uteaktivitetar ved Sunnylven skule.
I eit strålande flott vinerver og 5 – 6 minusgrader møtte vi småskule -og mellomsteget ved skulen i fleire slag aktivitetar på Helsetvatnet. I alt 32 elevar var til stades på den blanke stålisen, nær 50 cm. tjukk hadde den blitt målt til.
Rundt om på det gode fiskevatnet var det full aktivitet av mange slag. Og aller mest spanande var det kan hende å prøve fiskelukka gjennom bora hol i isen, men fiskelukka var borte etter det vi fekk oss fortalt. Vi råda å prøve litt nærmare land på litt grunnare vatn, men om det hjalp veit vi ikkje. Kanskje var agnet på kroken feil, for kvitost er vel ikkje det auren i Helsetvatnet likar best.
Om mange prøvde fiskelukka var det også fleire som tok seg fram på spark på isen, og fleire brukte skøyter og gjekk «ryseleg» fort. Her var unge skøytetalent, vi såg fleire som hadde «draget», så her må snart hokkey-skøytene bytast ut med langløpsskøyter av Ballangrud -modellen.
I samisk veke vart det naturleg nok steikt samisk brød på bålpanna oppe på land. Ein stor bolle var full av deig laga av grovkveite, anis, smør, mjølk og gjær. Det var oppskrifta på eit samisk festbrød som vart kalla gahkko, fekk vi oss fortalt av lærarar.
Mykje triveleg skjedde denne onsdagen, dagen etter at også elevar frå dei eldste klassetrinna ved Sunnylven skule var på Helsetvatnet. Og held det stabile, kalde veret fram blir det nye turar på isen i dagane som kjem, vil vi tru.
