Sunnylven kyrkje.
-Det var eit godt og innhaldsrikt år for Sunnylven kyrkje i 2025-. Slik innleiar Sunnylven sokneråd si årsmelding der vi tek med noko av dei viktigaste tinga.
Fyrste gudsteneste i 2025 var på kyrkjelydshuset 12. januar med julekaker og kaffi, og gong kring juletreet. Deretter vart det fleire gudstenester fram over vinteren og våren, til 3. mai og gudsteneste med konfirmasjon.
Soknerådet bestemte å halde kyrkja opa for cruiseturistar også i 2025, og mange kom innom i tida frå juni til oktober.
-Det er populært å besøke kyrkja, også for åndeleg og personleg glede, står å lese i årsmelding frå Sunnylven sokneråd.
I Sunnylven kyrkje vart det halde 22 gudstenester dette året, og i snitt kom 77 personar til kyrkja. Ei gudsteneste vart halde på Høgreiten under Hellesyltdagane, og på Møllsætra i Geiranger var det verdsarvgudstenest 9. juni dette året.
På to av gudstenestene i kyrkja vart det «Pusterom», ei kveldssamling med andakt, refleksjon, song og musikk. Dette har blitt eit populært innslag i kyrkja, står å lese i årsskriftet.
Den 3. august fekk alle eit gledeleg gjensyn med Svein Runde og kona Elisabeth på den tidlegare prestegarden. Her vart alle invitert på kyrkjekaffi.
28. september var det hausttakkefest i kyrkja, og som var pynta vakkert av Sunnylven bygdekvinnelag. 110 personar var til stades der 4-åringar og 6-åringar fekk sine kyrkjebøker.
Til jul var det skulegudsteneste i kyrkja, før kyrkjeåret var avslutta med fakkeltog og nyttårssamling i Sunnylven kyrkje. Her var Romain Vaude organist, Kristin Storstein og Oddbjørg Stadheim song og Ingebjørg Fivelstad og Inghild Storstein var med som liturgar.
-Folket i Sunnylven kjenner seg sterkt knytte til kyrkja, også dei som ikkje er dei mest trufaste kyrkjegjengarane. Dette gjev seg utslag i god oppslutnad kring ulike trusopplæringstiltak, der familiar og born kjem til kyrkja i lag-,
står å lese i årsmeldinga for 2025 frå Sunnylven sokneråd.
