6. mars 2026

Bygdekvinnelaget arrangerte lurdagskafè

Gunhild Kvam t.v. og Kjellrun Bortne mellom klærstativ i Sunnylven samfunnshus.

På Sunnylven samfunnshus var det kafè med sal av kaffi og kaker på laurdag. I tillegg var der høve til å kjøpe gode, brukte klær av mange slag.

Mange kom til laurdagskafèen, eller Gjenbrukskafè som arrangøren Sunnylven bygdekvinnelag kalla tiltaket på Sunnylven samfunnshus. Dit kom mange og her var det god servering av karbonadesmørbrød, kaffi og kaker.
I tillegg til det kjøkkendamene serverte var det klessal i den store salen, brukte, men fine og gode plagg av alle slag både for born og vaksne, og organisert av Kjellrun Bortne. Dit kom mange og fann seg mykje fint.

-Eg vart kontakta av Sunnylven bygdekvinnelag i samband med at dei planla laurdagskafè. Sal av brukte klær har eg organisert før i heimbygda mi i Nordfjord, så eg høyrde meg litt rundt om der var interesse av å delta. Det var det så no vart vi elleve stand der vi byd fram alle sortar klær og skor, både for born og vaksne, Med andre ord er det fokus på gjenbruk denne dagen, seier Bortne som står mellom bord og klærstativ fulle med kjolar, jakker, genserar og mykje, mykje meir.

I samfunnshussalen var der mange klærplagg og sko å velge mellom til gode prisar.

Det såg ut til å vere ein vellukka dag, i alle fall var stemninga god hos alle i «butikken». Alle stilte med eigne klærstativ, bord og stolar vart lånt av samfunnshuset. Og prisen på produkta, den avtala kjøpar og seljar sjølve.

I den minste salen i samfunnshuset var det kafè der bygdekvinnelaget hadde sal av kaffi, kaker og karbonadesmørbrød. I det fine veret kom mange der praten gjekk lett om ting og hendingar den siste tida. Leiar i Sunnylven bygdekvinnelag, Gunhild Kvam var godt nøgd med besøket og arrangementet.

Nytt arrangement 8. mars.

Sunnylven bygdekvinnelag har open kafè kvart år, og annekvar gong kalla dei arrangementet Snurrepiperier.
-I år fekk vi med oss Kjellrun og hennar opplegg for klærbutikk, så då kalla vi det for gjenbrukskafè, sa Gunhild Kvam.

Om ei veke, søndag 8. mars feirer bygdekvinnelaget kvinnedagen 2026. Då blir samlinga på Sunnylven kyrkjelydshus der det blir besøk av tilreisande med innlegg.
Andrea Sundgot, innflytta til Sunnylvsbygda frå Sveits og no landbrukssjef i Stranda vil fortelje om sin bakgrunn og sitt liv på bygda. Her vil ho også løfte fram likheiter og forskjellar mellom Sveits og Norge.

Ingvild Sandnes er innflyttar frå Bergen til Stranda. Ho er dagleg leiar på Byrg og vil fortelje om arbeidsplassen sin, og litt om bygdeperspektivet og det å vere kvinneleg leiar.

Det er gratis inngang til møtet på Kvinnedagen på Sunnylven kyrkjelydshus. Møtet startar klokka 19.00

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →