21. april 2026

Gamlestova i Bygdetunet treng vøling

Både grunnmur og tømmerveggar i gamlestova i Hellesylt Bygdetun treng no reparasjon . Om ikkje kan stova ramle ned.

Det er påvist store skader på gamlestova i Hellesylt Bygdetun. Grunnmuren sig og sylvstokken i tømmerveggar har råteskader.

Gamlestova i Hellesylt bygdetun treng no restaurering. Grunnmuren på eine langveggen har sige ut, og fyrste tømmerstokken på langveggen har store råteskader. For å utføre reparasjon må heile tømmerstova plukkast ned, og så setjast opp igjen.
Kostnaden med reparasjon av skaden vil kome på kring 2.0 mill. kroner, er opplyst frå fagmann på arbeidet.
Pr. 31/12 -25 har Venneforeninga for Hellesylt bygdetun ca. 180.000.- kroner på bankkonto.

Aktiviteten i Hellesylt Bygdetun har lege nede sidan 2019 då siste olsokstemne vart halde. Heller ikkje anna aktivitet har blitt gjennomført sidan då, verken med arrangement eller vedlikehald.

Uteområdet har dei siste åra blitt nytta som vårbeite for sau. Det har ikkje blitt utført slått, men det vart halde ein dugnad på uteområdet i 2025, står å lese i årsmelding frå Venneforeninga for Hellesylt Bygdetun.
Dei siste fem, seks åra har Venneforeninga hatt felles styre med Gamleskulen aktivitetsmuseum på Hellesylt.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →