Olav Erling Aaland
Birkebeinerrennet mellom Rena og Lillehammer vart arrangert laurdag 14. mars. To frå Sunnylven IL gjekk rennet og greidde merkekravet.
Foto: G. Aaland
Det var ikkje det beste veret då det 86. og 53.0 km. lange Birkebeinerrennet 2026 vart arrangert. Rundt 10.000 unge og eldre løparar deltok i rennet, mellom dei var Olav Erling Aaland og Ottar Frøysa Hellebostad frå Sunnylven IL. Begge gjekk gode renn og greidde merkekravet.
Føret varierte mykje og skapte vanskar i skival, med klisterføre i lavlandet til tørrsnø i høgfjellet. Likevel gjekk det fort over fjellet for birken-løparane også denne gongen.
Olav Erling Aaland deltok for tredje gong, i år i M 30 – 34. Etter eit sterkt renn vart det tredje plass på smørefri ski og med den sterke tida 2.55.26.
Også Ottar Frøysa Hellebostad gjekk eit godt renn. Han fullførte sin fyrste Birken på 3.48.49, også det godt innafor merketida i klasse 25 – 29.
Flott deltaking av begge to på vanskelege ver -og føreforhold. Håper det freistar til ny deltaking neste år, då også med enno fleire deltakarar frå Sunnylven IL
Vi tek med vinnarar i dame og herreklasse i Birken 2026;
Damer:
1. Anniken Gjærde Alnes
2. Silje Øyre Slind
3. Hanna Lodin, Sverige
Menn;
1. Runar Skaug Mathisen
2. Ole Jørgen Bruvoll
3. Thorleif Syrstad
Ottar Frøysa Hellebostad.
