9. juni 2026

Godt besøkt kyrkje i Sunnylven

Gudstenester i Sunnylven kyrkje - www.hellesylt.info

-Vi gler oss over gode besøkstal, over at kyrkja vert brukt til kyrkjelege handlingar, og vi gler oss over at folket i Sunnylven er glade i kyrkja si.

Slik oppsummerer sokneprest Ann Kristin Langeland året 2025 for Sunnylven kyrkje.
Soknepresten har sendt denne oppsummeringa, eit «himmelglimt i kvardagen».

-Det har vore eit godt år i Sunnylven kyrkjelyd. Eit år med mange små glimt av det vi drøymer om og arbeider for: «Meir himmel på jord».
I tala kan vi lese mykje – om dåpstal, konfirmantar og gudstenestebesøk – men det viktigaste står ikkje i statistikken. Det viktigaste skjer i møta mellom menneske. Det skjer når nokon ber eit barn til dåp i den kyrkja dei alltid har høyrt til, også om dei bur langt borte.
Det skjer når ungdommar seier ja til ei konfirmasjonstid. Det skjer når kyrkja fyllest på julaftan, på nyårskvelden, på Pusterom – men også når berre ein liten flokk kjem ein vanleg søndag og kjenner fellesskap i ord og tonar.

Kyrkja vår skapar meir himmel på jord når vi opnar dørene – og når vi opnar hjarta våre. Det skjer når nokon finn eit rom for å puste, eit øyra som lyttar, ei hand å halde i.
Det er ei uroleg tid vi lever i, og fleire ber om samtale, håp noko å halde fast i som står fast og varer. Prestetenesta har endra seg, og tenesteområdet strekkjer seg over heile Storfjorden. Det krev noko av oss.

Men kvar ein dag prøver vi likevel å finne vår måte å vere kyrkje på – slik at himmel kan kome tettare på jord nett her i Sunnylven. Ein kopp kaffi etter gudstenesta. Eit lys i mørketida. Nattverd ved ei sjukeheimseng. Ei bønn som blir bedt i det stille. Ei frivillig hand som gjer det ho kan, når ho kan. For meir himmel på jord er ikkje store ord. Det er små, levde handlingar. Det er varmen som fyller eit rom når menneske møtest og deler livet – trua, tvilen, sorg og gleder.

Takk til alle som er med og gjer dette mogleg. Tilsette og frivillige. Til dei som kjem ofte og til dei som kjem sjeldan, men som likevel kjenner at kyrkja er deira. Saman får vi løfte himmelen litt nærare jorda. Saman får vi vere ei kyrkje som ber lyset vidare-.

Slik skriv sokneprest Ann Kristin Langeland

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →