21. april 2026

Grendakveld på Hellesylt palmelaurdag

Laurdag 28. mars er det Grendakveld på Hellesylt, denne gongen med «Sjøarane» som programskaparar.

Hellesylt Ungdomslag inviterer til Grendakveld på palmelaurdag 28. mars. Her blir det som vanleg program, og deretter servering og dans.

Grendakvelden i Sunnylven er ein årleg underhaldningskveld som går på omgang mellom Dalen, Bygda og Sentrum. I år er det Sentrum, eller «Sjøarane» med nære omland som står for arrangementet med program, servering av spekemat og dans til slutt.

Etter det vi forstår har «Sjøarane» øvd og førebudd seg godt til årets store underhaldning, Grendakveld på Hellesylt. Kva som blir servert frå scena i samfunnshuset kjenner vi ikkje til, men truleg blir det mykje moro og vert eit besøk også denne gongen.

Programmet startar klokka 19.30, men frå klokka 18.00 opnar døren for innsteg til festlokalet.
Frå scena blir det program med song og musikk, og etterpå blir det servert spekemat.
Og frå klokka 22.00 spelar «Stine og Svein» opp til dans til langt over midnatt.

Førehandssal av billettar til grendakveld og dans er i vestibyla på Sunnylven samfunnshus laurdag mellom kl. 12.00 og 13.30.
Prisar:
Vaksne kr. 600.-
Barn under 15 år kr. 200
Kun dans kr. 300.-
Medlemer i HUL får redusert pris på billettar, skriv arrangør Hellesylt Ungdomslag.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →