Rolf Saure viser korleis løypestreng kan skøytast. Foto: Leif-Erling Løvoll
Tradisjonshandverk frå brattlendte fjordgardar blir no løfta fram att gjennom kurs og kunnskapsdeling i Storfjorden.
Av Inge Bjørdal
styreleiar Storfjordens Venner
-Denne veka arrangerte Prosjektgruppa i Storfjordens Venner kurs i skøyting av løypestreng hos bedrifta Stålvarer AS i Svemorka.
Ikkje alle i dag veit kva ein løypestreng er for noko, men dette var faktisk å sjå på som ein avgjerande «infrastruktur» på brattlendte småbruk i vårt område, og ikkje minst på gardar langs Storfjorden. På desse strengane vart det frakta mellom anna mjølk, ved, tømmer, høy og andre bører frå utmarka til garden, men også andre vegen. Det hende at desse strengane vart skadde gjennom naturlege påkjenningar, som til dømes trefall, ras, vind og vêr, eller gjennom slitasje.
Leif-Erling Løvoll og Asgeir Kvernberg frå prosjektgruppa i Storfjordens Venner seier at kunnskapen om å reparere brot på slike strengar er i ferd med å døy ut. Difor har dei inngått eit samarbeid med Rolf Per Saure som sit på både kunnskapen og erfaring, og som også kan formidle den til nyare generasjonar. Saure som er frå Hjørundfjorden fekk opplæring av sin eigen far i denne teknikken (slaglodding eller «brazing») for 75 år sidan, og har sidan halde ved like denne kunnskapen.
Ein hadde no eit konkret tilfelle med ein slik løypestreng på Ytste Åkerneset som må reparerast. Eigaren her, Nils Roger Matvik, var difor ein av kursdeltakarane.
Saure er ganske nøgd med skøyten. Foto: Inge Bjørdal
Saure har store kunnskapar om dette litt spesielle handverket, både innan tilkapping av endar, verktøy, oppvarmingsteknikk, materialval i skøytemasse og tilsetjingsstoff, og formidla dette grundig og gjennom praktisk utføring av ein skøyteprosess. Nokre fekk prøve seg i etterkant, og det var tydleg av ferdigheita hadde kome på plass.
Tiltaket er ein del av strategiarbeidet Storfjordens Venner ønskjer å satse på – nemleg kompetansebygging innan tradisjonshandverk. Organisasjonen er heilt avhengig av å halde ved like og vidareføre slike spesialkunnskapar dersom vi skal kunne utføre oppgåva vår som er å ta vare på kulturarven i området – som også inkluderer den immaterielle delen-.
Til slutt rettar styreleiaren i Storfjordens Venner takk til Stålvarer AS som stilte lokala sine til disposisjon for kurset.