Britt Pernille og Roger Severin kjem til Hellesylt Boutique & Bar skjærtorsdag. Her er dei to frå eit tidlegare treff på samfunnshuset på Hellesylt.
Skjærtorsdag kveld kjem Roger Severin Bruland og Britt Pernille Frøholm til Hellesylt Boutique & Bar. Her får publikum ei reise i historier, ølsmaking og tysk musikk.
Det blir møte med «kjentfolk» frå nabofylket på skjærtorsdag på Hellesylt Boutique & Bar. Då kjem Roger Severin Bruland og Britt Pernille Frøholm på besøk med foredrag, nokre skrøner og musikk. På kaffibaren på Hellesylt blir det garantert trivelege kveldstimar med dei to torsdag kveld.
Og vi har fått opplyst at alle plassar i lokalet er fulltinga, ikkje ein einaste ledige plass er igjen.
Roger Severin og Britt Pernille entrar «scena» klokka 19.00 og held det gåande i alle fall til klokka 21.00 med gode historier og musikk, og i tillegg kan det bli mykje godt å smake på i glasa.
Vi har sendt melding og fretta litt om kva vi får oppleve.
-Det blir ei ølreise frå Bayern til Hellesylt, vi skal smake oss gjennom tradisjnelt lagerøl til konnjøl, brygge på kveik. Og det vil bli spela tyske oberkrainer-låtar, og lokale slåttar frå Hellesylt-.
Det fortel Bruland i den korte meldinga vi har motteke. Det er berre å glede seg til skjærtorsdag kveld, til gode historier, flytande go`saker, og svingande slåttar på Hellesylt Boutique & Bar.