Desse ti-åringane fekk kvar si bok som Janne Frøysa Hånes delte ut i kyrkja på søndag.
Mange kom til Sunnylven kyrkje og gudsteneste 22. mars. Ei god samling til ord og tonar, utdeling av bok til 10-åringane og med namesetjing på «kyrkjerotta».
Søndag 22. mars var det gudsteneste i Sunnylven kyrkje på Maria bodskapsdag. Dit kom unge og eldre, det vart ein ny, folkerik søndag i den gamle trekyrkja.
Sokneprest Ann Kristin Langeland leia gudstenesta på tradisjonell og god måte.
-Vi deler kjærleiken med kvarandre og vi ber Jesus vidare saman. Og er vi snille med kvarandre er vi eksempel på at slik skal kjærleiken også vidareførast mellom andre ute i verda, sa Ann Kristin Langeland.
Gjennom heile preika stod presten å heldt på og snakka med ein kunstig, fint sydd figur som likna på ei rotte. Tidlegare og før gudstenesta var det lyst ut ein namnekonkurranse om kva rotta skulle heite. Det kom inn over 40 namneforslag, fortalde Langeland, og etter vurdering av ein komite vart namnet på rotta Glåria. Vinnaren av konkurransen var Ellinor, meir fekk vi ikkje vite, og premien var eit stort påskeegg.
Under gudstenesta vart det delt ut bøker til alle ti-åringane, heile ni stykker. Åtte av dei var til stades og tok mot og takka for gåva som vart delt ut av trusopplærar Janne Frøysa Hånes.
Slik ser «kyrkjerotta» ut, tøyfiguren som fekk omtale og vart presentert under gudstenesta.
