Sunnylven Bygdekvinnelag inviterer til markerer av Kvinnedagen søndag 8. mars 2026 på Sunnylven kyrkjelydshus.
Det har blitt tradisjon kvart år at Sunnylven Bygdekvinnelag inviterer til markering av kvinnedagen 8. mars. Også i år blir det tilstelning og gratis inngang på Sunnylven kyrkjelydshus med program, kveldsmat, loddsal og sosialt samvær, skriv laget i invitasjonen.
Til å delta med program har laget invitert jordbrukssjef i Stranda kommune, Andrea Sundgot og dagleg leiar på Byrg i Stranda, Ingvild Sandnes.
Andrea Sundgot er innflyttar til Sunnylvsbygda frå Sveits. På møtet vil ho fortelje litt om sin bakgrunn, sitt liv på bygda og si drivkraft. Med utgangspunkt frå eigne erfaringar som kvinne og mor vil ho løfte fram nokre likheiter og forskjellar mellom dei to landa Sveits og Norge.
Ingvild Sandnes er innflyttar til Stranda frå Bergen. På Byrg Stranda er ho dagleg leiar, og på møtet vil ho fortelje litt om å vere kvinneleg leiar, og litt om bygdeperspektivet.
Sunnylven bygdekvinnelag ønskjer alle, både kvinner og menn velkomne til møtet og markering av kvinnedagen søndag 8. mars. Møtet er klokka 19.00 blir servert kveldsmat, og det blir loddsal.
