Leiar i Sunnylven pensjonistlag, Astrid Langeland.
Torsdag 19. mars var det medlemsmøte i Sunnylven Pensjonistlag. Møtestad var som vanleg Sunnylven kyrkjelydshus.
Det var godt frammøte då Pensjonistlaget inviterte på samling med potetball og informasjon om arbeidet på postvegen over Ljøbrekka.
Leiar Astrid Langeland opna møtet med å minnast to medlemer som har gått bort sidan siste samling. Deretter vart det servert potetball og med alt som høyrer med, pølse, tørka kjøt, steikt feitt og smør, og poteter om nokon ville ha det. Eit som alltid godt og velsmakande måltid, og som dei 74 frammøtte forsynte seg godt av.
Svein Lunde t.v. og Petter Hjørungdal var til stades på Pensjonistlaget sitt møte og fortalde om restaureringa av Postvegen frå Ljøen til Herdal.
Til «potetballfesten» var også leiar i Ljøbrekkas Venner Petter Hjørungdal, og fotograf Svein Lunde invitert. Begge har i mange år vore sterkt engasjert i renoveringa av postvegen over Ljøbrekka, og denne dagen kom dei med ei god og utfyllande forteljing om arbeidet og foto av restaureringa.
Det vart ei engasjert reise frå arbeidet som kom på tale rundt år 2000, og som starta opp med utbetringsarbeid i 2012. Det året vart det brukt 5.500.- kroner til utbetring, femten år seinare er kostnaden med prosjektet passert 13. mill kroner, fortalde Petter Hjørungdal.
Det vart vist mange og flotte bilder av folk og arbeid etter postvegen mellom Ljøen og Herdal. Mykjer er blitt gjort med handemakt, men mykje er utført med små maskiner frå entreprenørar.
Og spesielle ting er kjøpt inn etter ordre frå høgare styresmakter, som snøstikker oppe på fjellet mellom Ljøsætra og Herdalsbrekka. Dei fekk beskjed om at staurane skulle vere lange og av seintveksande furu frå Nordmøre. Impregnerte stokkar var ikkje tillate, fortalde Hjørungdal.
Dei mange på pensjonistmøtet fekk ein interessant halvtime om utbetringsarbeid som var blitt utført både med handemakt og maskiner og som har kosta mange kroner.
No er det meste gjort, men litt utbetringsarbeid kjem gjerne på stadig, og nye ting vil bli sett i stand. No er planen å få opp eit toalett på Ljøsætra i løpet av sommaren, fekk forsamlinga i pensjonistlaget seg fortalt.
Det vart ei interessant «reise» etter Den Trondhjemske postveg torsdag. Eit storfelt arbeid er utført av mange, og Hjørungdal gav rosande omtale av mange for arbeidstimar som er lagt ned for å få prosjektet fullført.
Og vi sat med følelsen av at her har også mange leiande personar i prosjektet gjort godt arbeid, utan det hadde nok ikkje postvegen over Brekka hatt den standard og vore det flotte turtilbodet som det er i dag.
Oddvar Gausdal leita fram trekkspelet sitt og gav tonefølge til allsongen på møtet i Pensjonistlaget.
