21. april 2026

Mykje applaus for «Sjøarane»

Det var «Sjøarane» sin tur til å underhalde frå scena i Sunnylven samfunnshus palmelaurdag 28. mars. Den jobben gjorde dei rett så framifrå.

På Hellesylt har påska blitt innleia med grendakvelden til Hellesylt Ungdomslag dei siste 40 åra, ein underhaldningskveld som går på omgang mellom dei tre bygdelaga Dalen, Bygda og Sentrum.
I år var det sentrum, eller «Sjøarane» sin tur og dei leverte, det vart gode og kryptiske innslaga på rekke og rad frå scena i Sunnylven samfunnshus.
Og det er berre å slå fast, «Sjøarane» kom godt frå det, dei leverte historier og fantasier til topp jubel og karakter. Det vart flotte musikalske innslag, songframføringar og sketsjar med gode poeng, og som sette eit talrikt publikum i salen i godt humør. Det var høglydd gapskratt og applaus i nær halvannan time.

Litt over klokka 19.30 var det neste så det braka laust, då kom to godt utstyrte jegerar på scena, dei speida etter jaktbytte. Det kom på rekke og rad, i alle fall for det feststemte publikum som fylte salen.
Å gå i detalj om alt som vart servert av «Sjøarane» vil bli for omfattande, men vi fekk møte friske karar som braut seg inn på sanitetsrommet og starta fest med ei god kanne heimebrent, eller det var unge og gamle damer som viste seg fram for gutar frå den yngre garde. Det blir mykje dramatikk av slikt.

Drama vart det også etter at ein brannstiftar var i «jobb» på Hellesylt. Her vart det mange intervju med personar i området om brannen og der mange trudde det handla om fotballklubben Brann. Etter mange intervju, med greinalause kommentar vart brannstiftaren oppspora.

Slik heldt grendakvelden til «Sjøarane » fram med inervju av ein afrikanar eller var det asiat som prata fort og der publikum i salen ikkje forstod nokon ting, det var bakekonkurranse mellom tre damer der vinnarbaksten vart meir spesielt enn venta, og det vart servert gode viser, mellom anna vakkert framført av ein ung musikar og solist, og av eit mannskor med musikk frå eit litt utvida «Fossedur».
Til slutt kom så alle på scena i ein avslutningssong, eit verdig punktum for ein ny, flott grendakveld av «Sjøarane».

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →