18. mai 2026

Påsketombola på Røyrhus

Frå uteområdet ved grendahuset på Røyrhus.

Tradisjonen tru blir det påsketombola med masse flotte gevinstar på Røyrhus også i år.

Det gamle skulehuset på Røyrhus er mykje pussa opp dei siste åra og blir nytta av folket der.
Og kvar påske inviterer Røyrhus grendalag til tombola med masse flotte gevinstar, både store og små.

Tradisjonen tru blir det tombola også i år på langfredag frå klokka 15.00
Det blir trekning av gevinstar frå loddbøker, og sal av pølse m/brød, kaffi og kaker.
Hovedgevinsten på loddbøkene i år er ein stressless.

Alle er hjarteleg velkomne til påsketombola på Røyrhus, skriv grendalaget.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →