Det var lite snø i Hyttehola gjennom vinteren, så difor vart det i tillegg arrangert løp i joggesko på Hellesylt stadion. (Foto: Ski -og skiskyttargruppa)
Tysdag 31. mars blir det påskebingo og premiering for Sunnylvscup på ski. Arrangementet er i Sunnylven samfunnshus frå klokka 17.30.
Som tradisjonen er blir det påskebingo med spel og premieutdeling for Sunnylvscup på ski 2026.
Knappe 50 deltakarar får sine premiar tysdag kveld etter å ha gått renn på ski i Hyttehola, og fullført løp i joggesko på og rundt Hellesylt stadion.
Det vart ein vanskeleg vinter for skigruppa og Sunnylvscupen i år. I skianlegget Hyttehola var det lite snø, og det meste smelta bort før alle fem renna var fullført. Difor arrangerte skigruppa alternativt på Hellesylt stadion på bana og i terrenget rundt, så dermed blir det premiering også i år.
På tysdag 31. mars arrangerer Sunnylven ski -og skiskyttargruppe seks spel med påskebingo, tykketall og meir, i tillegg til sal av enkel servering frå kjøkkenet.
