Hellesyltdagane, eller Sommardagar på Hellesylt blir frå 3 – 5 juli. Arrangøren har no sendt ut invitasjon til å delta med stands.
Det har skjedd ein del endringar i Hellesylt sentrum, skriv arrangøren. Difor blir plakaten som viser standområdet arbeidd med og sendt ut så snart den er klar.
For dei som vil ha stand under dagane vil ein be om ønska plassering, produkt/tenester , og med storleik, og andre behov.
Det blir og er lagt ut mykje informasjon på nettstaden www.hellesyltdagane.no.
Påmelding.
Når det gjeld påmelding ber arrangøren om namn/firma, kontaktperson med adresse og telefon, varespekter, og andre behov/opplysingar.
Send påmelding til;
Inge Bjørdal,
e-post: stand@hellesyltdagane.no:
Mobil: 991 00 253
Ved avbestilling av standplass etter 28.06. 26 må ein likevel betale påmeldingsavgift.