Det var tett med bilar og enno meir folk av unge og eldre på Røyrhus langfredag. I grendahuset var det basar.
Den gamle skulestova på Røyrhus har vore under renovering dei siste åra og er snart blitt til eit flott forsamlingshus i grenda. Ein del arbeid står igjen, men dei siste åra har mykje vølingsarbeid blitt gjort, som nye golv, veggar, glas og dører. Alt tydar på at det blir eit flott forsamlingshus som Røyrhusgrenda vil få mykje glede av.
Men slik vøling kostar pengar, å reparere eit gamalt, nedlagt skulehus er nok ikkje gjort i ei snarvende. Dei siste åra har folket på Røyrhus gjort mykje av arbeidet på dugnad vil vi tru, og det har blitt halde basar til inntekt for tiltaket.
Vi fretta at desse påskesamlingane hadde gjeve mange tusen kroner, og årets arrangement var også av dei gode, vil vi tru. Etter vegen på Røyrhus var fleire ti-talls bilar parkert, og då vi tok turen innom grendahuset vart det berre ståplassar igjen. Det var tett av unge og eldre i både kjellar, fyrste etasje og delevis ute, og god basarstemning.
Det var fullt av små og store gevinstar på basaren i Røyrhus grendahus. Hovedgevinsten var ei stressless.
Ingen såg ut til å kjede seg, alle fekk det dei ville av lodd på bøker, snurrelodd, kjøp av svele, pølse med brød, kaffi, saft og fleire sortar kaker. Det var ein stor og god dag for Røyrhus grendalag i godt vårver.
Røyrhus får seg eit fint og tenleg grendahus, og flottare blir det når årets basarinntekt blir teke i bruk til nye innkjøp.
Eit kakebord som frista mange på Røyrhus langfredag.
