21. april 2026

Berestolpar under badehuset må fornyast

Alle stokkane som badehuset står på må no skiftast ut grunna råte.

Hellesylt Ungdomslag har fått 435.000.- kroner frå Riksantikvaren til utskifting av berestolpar på badehuset på Hellesylt.

For fleire år sidan vart alle berestolpane under badehuset på Hellesylt skifta ut med osp frå skogane i Åsen.
No har trestokkane teke skade av råte og må skiftast ut.

Badehuset på Hellesylt har antikvarisk verdi. Det vart bygd i 1937 der spesielt ålesunder og laksefiskar Anton R. Larsen gjekk i brodden for arbeidet.
Året etter fekk Hellesylt UL bygget som gåve, og er i dag eigar av huset.

Badehuset blir mykje nytta, både i sommarhalvåret, men også i den kalde årstida. Det vart ved avstemming kåra til Stranda kommune sitt kulturminne i 1997, og hus og sjøbad vart ved ei tilstelning 2. oktober 2009 erklært freda av riksantikvaren.

Den gamle røykstova i Toregarden på Hauge.

Fleire tildelingar.
Også ei røykstove på Hauge, eigd av Svein Rusten er tildelt 80.000.- kroner av Riksantikvaren til vedlikehald. I røykstova på Hauge vart det i 1727 sett inn ni lik etter eit snøras på Bakken. Denne røykstova, eller matstova står i Toregarden på Hauge og er no restaurert.

Og Per Otto Solhaug, Geiranger får eit tilskot frå Riksantikvaren på 33.000.- kroner til istandsetjing av ein støttemur på Mølltunet i Geiranger.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →