18. mai 2026

Fullsett samfunnshus møtte Syver

Syver t.h. song saman med ungdomsbandet ved Sunnylven skule i songen » Slå, hjerte slå…»

Sunnylven samfunnshus var nær fullsett då Syver og far Øyvind kom til Hellesylt torsdag. Der fekk forsamlinga ei gripande historie om sjukdomen den 14 år gamle guten kjempar med.

Mange kom for å møte Syver og høyre far Øyvind fortelje om sjukdomen som den unge guten har kjempa med og som har gjort at han i dag er blind. Det vart ei gripande historie der eit nær fullsett samfunnshus lytta i stillheit.

Møtet torsdag vart arrangert av Sunnylven sanitetslag. Ruth Hole Aaland ønska vel møtt. Ho hadde lese seg opp og sett Syver på TV tidlegare, mellom anna frå VM-løypene i Granåsen i Trondheim i fjor. Ho var imponert over kva han og dei andre handikappa ungdomane viste, korleis dei takla utfordringane og dei bratte bakkane som var i løypene.

I møtet med Syver og far Øyvind fekk forsamlinga ei gripande historie, frå tidlege barneår og framover. Guten var fødd normal, men sjukdomen kom sigande på. Faren skildra det brutale bodskapen på ein sterk måte  der forsamlinga lytta stille.
Foreldra forstod at ikkje alt var som det skulle vere med guten, og etter kvart vart det klart at han var ramma av barnedemens.
Familien valde å vere opne om sjukdommen. Dette har vore krevjande, men på sikt har det gjeve avkastning, både økonomisk, praktisk og emosjonelt.
I dag er Syver blind, men høyrer godt og har eit fantastisk flott humør. Han fylgde med på faren si forteljing og kommenterte enkelt ting med humør og som salen responderte på med latter.
Her fekk publikum i salen oppleve mykje. Syver er ein aktiv gut som utfordrar grenser. Det har han gjort overbevisande saman med familien, mellom anna på Beitostølen helsesportsenter og sist i Team Pølsa. Far Øyvind viste mange fine bilder der vi såg Syver i aktivitet saman med venner.

Terese Støverstein og Syver Blindheim var begge vokalistar i siste song, «Slå hjerte slå….»

Forfattar Guro Kulset Merakerås har gjeve ut boka Syver, og den vart seld til fleire der Syver, hovedpersonen sjøl signerte alle.

Øyvind Blindheim fortalde godt, det vart mykje frå eit liv både heime og på stader for slike handikapp, mellom anna frå Beitostølen. Han var open om alt, om ei brutal historie om ein fin og tydeleg oppvakt ungdom, om ein sjukdom der dei prøvde å berge så mykje som råd av funksjonar.
Mellom anna har det blitt kontakt med Magnar Bjørnås som jobbar ved på Barneavdelinga NTNU i Trondheim. Han jobbar mykje med demenssjukdomar og her håper dei at kanskje litt av handikappa kan lindrast.

Under møtet på Sunnylven samfunnshus fekk forsamlinga høyre eit ungdomsband frå skulen spele og synge, og der Syver var med på den siste songen, «Slå hjertet slå…»
Musikklærar Erik Torset leia og organiserte det heile, flotte innslag som gleda og fekk mykje applaus frå forsamlinga.

Arrangementet var med Sunnylven sanitetslag, men også andre lag og organisasjonar i Sunnylven har delaktige i arrangementet, mellom dei var Ole Ringdal AS. Her møtte dagleg leiar Ole A. Ringdal opp med ei kasse full av gode produkt frå kjøttvarebedrifta som han overrekte til Syver og familien, og det vart spandert pølse med brød på alle frammøtte på møtet.

Elevar frå Sunnylven skule saman med Syver samla framfor scena på torsdag.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →