18. mai 2026

Fyrste cruisebåt til Hellesylt i år

Aida Prima ved cruisekaia, og ved ferjekaia låg bilferjene Godøy t.v. og Bolsøy.

Onsdag 15. april la Aida Prima til ved cruisekaia på Hellesylt. Dermed var ein ny turistsesong i gong og fleire tusen passasjerar kom i land.

Det vart folksamt i Hellesylt sentrum onsdag då Aida Prima, årets fyrste cruiseskip la til kai. Turistferja Godøy som har lege ved cruisekaia lenge måtte flytte seg for at cruisebåten skulle få legge til.

På land kom tusenvis av turistar og inntok sentrum og området oppover mot kyrkja og Helgesvingen / Reset. Og på Hellesylt bro var det så mange som ville ha bilde av Hellesyltfossen at bilar og folk som skulle til ferjekaia eller aldersheimen måtte parkere i gata og gå.
Cruisesesongen var i gong noko som gjer det triveleg når det kjem mykje folk både i gata og på dei to butikkane i sentrum.

Aida Prima låg ved cruisekaia i omlag fire timar. Klokka 18.00 var besøket over for denne gongen, men båten kjem tilbake fleire gonger ut over sommaren, det andre besøket blir 24. april i følge cruiselista.
Men før det, om seks dagar er ein ny båt, Aida Nova å sjå på fjorden.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →