Oddbjørg Stadheim t.h. og Kristin Storstein song i kyrkja fyrste påskedag. Ved pianoet Gunnar Inge Eide.
Mange kom til Sunnylven kyrkje fyrste påskedag i godt ver, til ei høgtidsam stund med god musikk, fin song og gode ord.
I Sunnylven kyrkje stoppar presten opp framfor altartavla og bukkar. Slik vart det også på fyrste påskedag i kyrkje. Og når kyrkjeklokka hadde kalla alle inn med sin vakre klang var høgtidsgudstenesta i gong. Då spela organisten opp og kyrkjelyden song med i salmen; «Påskemorgen slukker sorgen».
Og det vart meir vakker song i kyrkja denne søndagen. Fyrst var det vakker song av Kristin og Oddbjørg med Gunnar Inge ved pianoet, og deretter salmen «Jesus lever, graven brast».
Tekstlesing fyrste påskedag stod Liv Brevik for, og frå preikestolen bar sokneprest Ann-Kristin Langeland fram påskebodskapen på denne dagen.
Ann Kristin Langeland heldt preika si frå talarstole fyrste påskedag.
Det var stille og mørkt, men så såg dei at steinen framfor grava var rulla vekk. Og kroppen dei venta å sjå var også vekke, dei kunne ikkje forstå det dei såg. Men svaret fekk dei snart av andre;
-Kvifor leitar de etter den døde,
han er ikkje her, han er oppstanden», fekk dei seg fortalt.
Rundt dette fortalde sokneprest Ann Kristin Langeland historia kring Jesus sin død og oppstandelse fyrste påskedag.
-Når eg sat og skulle skrive preika tenkte eg at eg skulle vere eit påskedagsmenneske som våga å tru at Gud ikkje er ferdige med oss, for kristus er stått opp, ja han er sanneleg stått opp, avslutta Langeland preika si fyrste påskedag.
Under påskegudstenesta var det nattverd ved altarringen, og til slutt fekk kyrkjelyden høyre eit vakkert postludium med Gunnar Inge Eide orgel og Øyvind Robak på fele. Det hausta stor applaus frå kyrkjelyden.
