21. april 2026

Hege til topps på Sandsøya.

Vinnar i dameklassa vart Hege Ringdal

Det vart dobbeltsiger til Sunnylven IL  i dameklassa i sjutoppsturen som vart arrangert på Sandsøya langfredag. Hege Ringdal gjekk heilt til topps og kom i mål omlag 1,5 minutt før lagkamerat Linn Kammen Flydal.
Løypa går over sju fjelltoppar ytterst på Sunnmøre og turen er på 15 kilometer og byr på 1000 høgdemeter både opp og ned.

Det var om lag 440 deltakarar som var med på årets tur, 54 av desse i konkurranseklassa. Hege vann også dette løpet tilbake i 2017. Snøfall og låge temperaturar dagane før arrangementet, gjorde at dette vart ei delvis snødekt affære.

Løypekart.

 

Arrangementet feira 20. årsjubileum i år. Fyrste gong det vart arrangert var i 2005 og kun i korona-åra 2020 og 2021 har løpet ikkje vore arrangert.
Sunnylven hadde i år med 7 deltakarar.
Fullstendig resultatliste finn ein på Eqtiming:
https://live.eqtiming.com/81679#result:333471-0-1443126-1-1-

Les meir om løpet på kondis.

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info

Vis alle innlegg av Gunnar Sårheim Fivelstad →