
Ljøbrekkas Vener arbeider med ulike tiltak for å fremje bruken av Postvegen over Ljøbrekka.
Vi har difor starta eit såkalla samskapingsprosjekt der vi har sett oss ein del sentrale mål får å utvikle og bruke Postvegen no etter at den er sett i stand på heile strekninga frå Herdalen til utsiktspunktet på Ljøen, seier Inge Bjørdal.
- Postveien skal bli ein mykje brukt turveg og opplevingsarena, der besøkjande får oppleve både natur og kulturhistorie langs strekninga
- Strekninga skal vere godt vareteken og mest mogleg autentisk sett i stand, slik at natur- og kulturmiljøet blir bevart og forvalta på ein god måte
- Utviklinga skal bidra til berekraftig næringsutvikling, samtidig som omsynet til lokalsamfunnet, grunneigarane og kulturmiljøet blir vareteke
- Postvegen si kulturhistoriske betydning skal bli betre kjent, slik at både lokalbefolkning og besøkande får auka kunnskap om verdien av strekninga
- Strekninga skal bli betre kopla til områda rundt og postvegstrekningar, og bidra til å synleggjere Den Trondhjemske postvei i ein større regional og nasjonal samanheng
- Utviklinga skal skje på ein måte som gir god besøksforvaltning, slik at auka bruk ikkje skaper konfliktar med lokalsamfunnet eller fører til unødvendig slitasje på natur og kulturmiljø
Det er til no gjennomført to samlingar, den siste 22.04.2026.
Desse er med:
- Bonseye, Frank Ole Bonsaksen
- Denne Stranda, Marie Kvalsnes Nygård
- Hellesylt Ungdomslag (HUL), Marianne Fivelstad/Gunnhild Liva Foldal
- Hellesylt Ungdomslag (HUL), Magne Brekke
- Hotel Union Øye, Helge Kvam Karbø
- Høgskulen i Volda, Rebecca Nedregrotten Strand
- Høgskulen i Volda, Andrine Gald Myklebust
- Ljøbrekkas Vener, Petter Hjørungdal
- Grunneigar på Ljøen, Rita Eide Ljøen
- Grunneigar på Ljøen, Rolf Arne Ljøen
- Nasjonalt postveiprosjekt, William Fagerheim
- Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv, Merete Rønneberg
- Stranda Fotball, Ronny Ødegård
- Stranda kommune / postvegprosjektet, Inge Bjørdal
- Sunnmøre friluftsråd, Hans E. Pilskog
- Uteguiden AS, Oscar Almgren
Prosessleiar var William Fagerheim frå Nasjonalt postveiprosjekt og Mind the Gap.
Det skal lagast dokumentasjon av arbeidet, m.a. ein film som byggjer på ei sann historie om ein av postmennene som hadde ansvar for postomberinga over Ljøbrekka (under arbeid).
Det er laga ein film om korleis ein byggjer/reparerer ei kisteveite i samarbeid med Høgskulen i Volda. Denne filmen kan du sjå her: https://www.youtube.com/watch?v=LAYG-Tf46Ec
Neste samling vert på Kyrkjelydshuset på Hellesylt 3. september.