Det er feil at dei nye ferjene skal laddast med dieselaggregat på Hellesylt, skriv hamnesjef Rita Berstad Maraak.
hellesylt.info har motteke denne meldinga frå Stranda hamnevesen etter at det har oppstått rykter om at nye el-ferjer skal laddast med dieselaggregat på Hellesylt.
-Stranda hamnevesen ynskjer å avklare at det ikkje er planlagt eller aktuelt å etablere dieselaggregat på Hellesylt kai/ferjekai.
Dette er uaktuelt og det foreligg ingen planer, vedtak eller bestillingar som omhandler eit slikt tiltak. Hamnevesenet har heller ikkje motteke spørsmål frå eksterne aktører/ rederi som tilseier at eit slikt tiltak er aktuelt.
Ryktene som har oppstått om at nye el-ferjer skal ladast med dieselbasert straum, stemmer altså ikkje. Når det gjeld straum til ladeinfrastruktur så har vi i Geiranger pr. idag 1,5 MW og har fått lovnad 0,8 MW på Hellesylt.
Det er beklagelig at slike rykter oppstår og vi vil holde lokalsamfunna oppdatert på planar og utvikling vidare.
Vi ynskjer alle ei riktig God Påske og vi får glede oss over at Fjord1 har fått dispensasjon i tre månader fram til Vestlandske Trafikk AS er på plass med sine nullutslepp/ hybride ferjer i mai/ juni 2026.-
Venleg helsing/ Kind regards
Rita Berstad Maraak
